– For meg er det viktig å skape stabilitet. Me skal stake ut kursen saman og finne ut kvar me ønskjer å vere litt fram i tid. Ein ting er å løyse kvardagen kortsiktig, me skal jobbe med langsiktig arbeid for å rigge skulen som skal bli best mogleg for elevar, ungdom og barn, seier Lars Johansen, konstituert kommunalsjef for oppvekst og kultur i Hareid kommune. I tillegg til å vere på kontoret sitt på rådhuset er han ein del ute i einingane han leiar. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Vil gjere sitt så dei tilsette får gjere ein god jobb

Lars Johansen (39) kom flyttande til Ålesund for ti år sidan. No byrjar han å rekne seg som lokal.