I innleiinga i boka fortel Gunda om safting og sylting i hennar barndom. Det heile starta gjerne med bilturar for å skaffe bær. Så vart det safta og sylta i store mengder. Slik treng det ikkje vere no. Ein kan lage små porsjonar, og det er greitt å kjøpe frukt og bær i butikken. Sylting og safting treng verken vere stressande, komplisert eller tidkrevjande, seier ho.

Safting og sylting heile året er inndelt i ein generell del, «Tradisjonar og teknikkar», og ein del med oppskrifter. Den første delen inneheld basisoppskrifter og teknikkar. Der er og ei grei oversikt over konserverings- og tjukningsmiddel, såkalla E-stoff. Denne delen bør ein ta seg tid til å lese før ein set i gang.

Oppskriftsdelen er inndelt etter årstider. Mange av dei kan brukast heile året, men det er framleis sesong for til dømes løvetann, rabarbra, rognebær og skogsopp. Nektarinsyltetøy er lurt å lage når prisen er på det lågaste. Kokeboka inneheld ikkje berre tradisjonell saft og sylte. Her er det også sursylting og saltsylting. Ein finn oppskrifter på plommesaus og heimelaga urtesalt.

Oppskriftene i boka er lette å følgje. Gunda kjem og med forslag til kva ein kan servere godsakene til. Ho gjer boka personleg med å kome med eigne tankar og erfaringar. Mange av oppskriftene har «det vesle ekstra» i form av eit krydder eller ein annan ingrediens.

I kokebøker er bilda ein del av oppskrifta. Fotografen Gunda Ness har gjort ein god jobb med å presentere produkta. Samlaget har ikkje spart på fargane, noko som gjer boka svært tiltalande.

Underteikna har arbeidd seg gjennom ein del av oppskriftene. Både nøttekompotten, dei hermetiska pærene og dei ulike syltetøysortane har vorte godt mottekne i heimen. Ein favoritt til no er aprikosmarmeladen. Han har fått smak av anis. Sjølv om marmeladen ikkje inneheld mykje sukker, reduserte eg mengda til halvparten andre gongen eg laga han. Det smakte minst like godt. Oppskrifta på eplemos inneheld også for mykje sukker etter min smak. Elles synest eg ho har treft godt med sukkermengdene. Eg har laga nektarinsyltetøy med mindre sukker før. Det smakar gjerne litt tamt. Gunda si oppskrift er mykje betre!

Eg trur at alle som liker å safte og sylte, vil ha glede av boka. Nybyrjarar får god innleiing og rettleiing i kunsten å safte og sylte. Det er ikkje så vanskeleg som mange trur! Dei litt vidarekomne vil ha stor glede av boka. Ho høver godt for dei som vil servere noko litt utanom det tradisjonelle. Her er mykje godt tilbehør. I ei tid då det meste er å få kjøpt, vert heimelaga mat det eksklusive. Gunda talar og varmt for å gi vekk litt av det ein lagar, til dømes som vertinnegåve.

Sjølv ventar eg på at stikkelsbæra skal bli mjuke slik at eg kan lage dronningmarmelade og stikkelsbær- og jordbærsyltetøy. I haust skal eg lage sylta graskar med frisk ingefær, ikkje ingefærkrydder slik det står i mi gamle oppskrift. Dette er ei kokebok eg kjem til å bruke – heile året.