Aksjon Bustadbrann 2011 er ein landsomfattande informasjonskampanje som blir arrangert av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Norsk Brannvernforening og Gjensidige. Aksjonen startar med Røykvarslardagen og held fram med ein landsomfattande bustadkontroll over tre dagar. Målet med aksjonen er å setje eit massivt søkjelys på branntryggleik i private heimar.

Brannmånaden

Det er ikkje tilfeldig at denne aksjonen er i desember. Desember er nemleg den verste brannmånaden i året. Etter nokre år med Aksjon bustadbrann er talet på omkomne i bustadbrannar i perioden 23. til 31. desember redusert. Tal på brannar i same periode er også redusert.

I Ulsteinvik vil det bli utført bustadkontroll 5., 6. og 7. desember for dei som ønskjer dette.

Det er representantar frå Elsikkerhet Møre (tysdag 6. desember) og Ulstein brannvesen (alle tre dagane) som vil utføre kontrollen.

Det er ikkje bestemt i kva område dei kjem til å gå i, så om det er nokon av innbyggjarane i Ulstein kommune som ønskjer ein slik kontroll kan dei ringje til varabrannsjef William B. Ekeli. Han tilbyr å dra på besøk både føremiddag, ettermiddag og kveld.

– Me har med ei sjekkliste der me kryssar av kva som er bra, og kva som kan bli forbetra. Kontrollen er anonym, så på sjekklista vil det ikkje kome fram kven me har hatt kontroll med, seier Ekeli.

Kontrollørane vil ta opp emne som: røykvarslaren/brannalarmanlegg, sløkkjemiddel, elektrisk, rømmingsvegar, eldstad og skorstein.

Skift batteri

Men først er det røykvarslardagen 1. desember. Dette er ein påminning om å skifte batteri i røykvarslaren/røykvarslarane. Normalt bør batteria bli skifta ut kvart år, men det er nokon som har batteri som varer i fleire år. Dei kan skifte batteriet ved det årstal/dato som vert stempla på batteriet. Er det nokon som har problem med å skifte batteri er det berre å ta kontakt med William B. Ekeli.

Brannøving i heimen

Til slutt vil brannvesenet oppmode dykk om å ha brannøving i heimen. I forkant av ein eventuell brann kan det vere lurt å vere samde om nokre ting, som å opprette ein evakueringsplan, bli samde om samleplass, kven undersøkjar kva som har skjedd, bruk av rømmingsstige (for dei som har dette) og kva som skal vere slått av før ein går og legg seg/forlét bustaden. Det kan også vere andre moment som ikkje har vore omtala her.

Varabrannsjef William B. Ekeli oppmodar heimane til å ha brannøving. Om det oppstår brann kan det vere lurt å ha ein plan. Det minste du kan gjere er å skifte batteri i røykvarslaren.