Rådmann Ragnhild Velsvik Berge starta saka med å presisere at ho personleg hadde vore imot å plassere dei tekniske bygga der Fjord 1 har søkt om å føre dei opp, mellom ferjekøa og strandpromenaden. Ho meiner det er er lite estetisk god løysing.

– Dette er ei sak som har skapt sterkt engasjement, både mellom folk og internt i administrasjonen, sa ho til Hareid formannskap då dei var samla til møte måndag ettermiddag.

Dei har hatt friske diskusjonar i administrasjonen. Men som administrasjon har dei å halde seg til regelverket. batteriferjene vil kome, og området det er søkt om å ta i bruk er regulert til trafikkføremål. Difor fann ho ikkje grunnlag for å avslå søknaden jamfør regelverket, men ho ville ha med nokre krav om estetisk utforming av bygga. Og ho kjende for å presisere at politikarane kan vurdere saka annleis.

– Ikkje vår oppgåve å finne løysingar

Oskar Grimstad (Framstegspartiet) meinte det ikkje er Hareid formannskap si oppgåve å finne løysingar, det er utbyggar si oppgåve. Formannskapet kan avvise søknaden, Det er irrelevant for plansaka at andre løysingar er dyre. Som medlem i Hareid formannskap er han opptatt av at det skal sjå pent ut i sentrum, difor sa han nei.

Kanskje kan det vere ei løysing å tilføre nettet større kapasitet, så dei slepp desse bygga? Eller Fjord1 kan få tilgang på kommunal grunn ved ekspedisjonsbygget til hurtigbåten? Her er fleire alternativ som må sjåast på skikkeleg.

Ros til administrasjonen

Annika Brandal (Venstre) nytta høvet til å gje ros til administrasjonen. Ho synest dei har fått ufortent mykje skitkasting. Administrasjonen skal gje faglege vurderingar, og det har dei gjort. Brandal forstod at dette ikkje hadde vore noko enkel sak. Ho var samd med Grimstad i at det ikkje er formannskapet sin jobb å finne andre løysingar. For det må finnast andre alternativ enn å stenge att utsikta til fjorden.

Alle i formannskapet var samstemte om at dei ikkje ønskte å gje Fjord 1 dispensasjon. Dei meinte det er klart større ulemper enn fordelar å plassere bygga på 16 og 23 meter nede ved strandpromenaden.

Estetikk: Ordførar Anders Riise (Høgre) og rådmann Ragnhild Velsvik Berge ønskjer ikkje at batteribygga kjem og stenger for utsikta. Foto: Ingvild Aursøy Måseide
Hareid ferjekai: Hareid formannskap meiner batteribygg i dette området vil forringe kvaliteten. Foto: Ingvild Aursøy Måseide