Vi er komne eit godt stykke ut i den første vårmånaden, og den komande veka ser det ut til å verte sunnmørsk vårvêr på Hareidlandet.

Ifølgje Yr sitt langtidsvarsel vil ein hovudsakleg få ein våt vêrtype, med ein del nedbør og temperaturar mellom fire og sju plussgrader.

Dermed er det truleg dårleg med håp for dei som går og håpar på betre skiføre. Trøysta får vere at det ikkje er venta varmare vêr enn at det kan kome nedbør som snø i høgareliggande strok lenger inn i landet, og til dømes på Hornindal skisenter kan det kome påfyll av snø i løpet av veka.

Inn mot neste helg kan det også sjå ut til at temperaturane går noko ned, og då kan det verte brukbare forhold rundt om i fjellet.