Nyleg hadde formannskapet, teknisk utval og kommuneadministrasjonen i Ulstein kommune møte med Fylkesmannen, Fylkeskommunen, Statens vegvesen og Landbrukskontoret.

På møtet om kommunereformen vart det diskutert fleire utfordringar for kommunen, mellom anna oppvekst og utdanning.

Der kom det fram at om lovverket for barnehageopptak blir endra, vil ikkje Ulstein ha nok barnehageplassar å tilby no. Det er truleg behov for ein ny barnehage om eit par år. Det blir sett på som ønskjeleg å byggje ein ny barnehage, truleg i sentrum. Område som blir nemnd er helsestasjonen/Skollebakken.