Juss-spire, fylkessekretær, jazzfrivillig og politikar. Dagane er fylt opp for Marthe Emilie Hansen, også i ferien.
privat
Marte Emilie Hansen frå Hareid har dei siste vekene hatt mykje å gjere, ettersom ho både har flytta til Molde og starta ny jobb. I tillegg til å starte i stillinga som fylkessekretær i Møre og Romsdal AUF har ho også vore frivillig under Moldejazzen - som vart arrangert førre veke. 18-åringen vart uteksaminert frå Ulstein vidaregåande skule i vår, der ho studerte studiespesialisering. På sikt ser ho føre seg å studere juss, noko ho trur kan kombinerast godt med politikken.