Anna Garnes Kleven

Frå: Ulsteinvik

Alder: 16 år

Utdanningsval: Idrettsfag

– Kvifor har du valt idrettsfag?

– Eg driv med friidrett og er med i Dimna IL. Eg bestemte meg eigentleg i 8. klasse for at eg hadde lyst til å gå idrettsfag etter ungdomsskulen. Rett før søknadsfristen gjekk ut, vart eg faktisk litt i tvil fordi eg lurte på om det kunne verte for mykje trening med både skule og fritid. Eg bestemte meg til slutt for å søkje idrett fordi eg liker å vere i aktivitet.

– Kva forventningar har du før skulestart?

– Eg har høyrt mykje positivt om idrettsmiljøet, spesielt at der er eit godt fellesskap. Eg kjenner fleire av dei som skal starte frå før, og så vert det gøy å møte nye folk.

– Har du tenkt på kva du vil gjere når du er ferdig med utdanninga?

– Eg har lyst til å verte politi. Eg ønskjer å ha ein spennande jobb, der eg ikkje berre sit på eit kontor. Eg trur det kan vere ein fordel å ha gått idrett med tanke på opptakskrava til politihøgskulen.

Øystein Grimstad Thormodsæter

Frå: Ulsteinvik Alder: 16 år Utdanningsval:

VG1 Elektrofag

– Kvifor har du valt elektrofag?

– Det var eigentleg for å prøve noko nytt. Det stod mellom elektro, idrett eller musikk. Eg bestemte meg eigentleg då eg sat på ein kafé i Ørsta og prata med pappa. (Journ.anm: Jan Thormodsæter).

– Kva forventningar har du før skulestart?

– Eg trur det vert spennande. Eg kjenner ikkje så mange på førehand som skal gå elektro, men det trur eg skal få det fint. Elles vert det nok stor forskjell på opplegget frå ungdomsskule til vidaregåande. Eg er førebudd på at det vert lengre skuledagar og meir lekser, men samstundes trur eg det vert meir praktiske skuledagar.

– Har du tenkt på kva du vil gjere når du er ferdig med utdanninga?

– Det må vel verte elektrikar. Viss eg skulle ombestemme meg undervegs, har eg moglegheit til å ta påbygging seinare for å få generell studiekompetanse.

Stabile søkjartal

Ved Ulstein vgs så er søkjartala både for Vg1 elektrofag og Vg1 service og samferdsel ganske stabile og har sett nokolunde slik ut dei siste åra.

– Vi har på nytt tilbod innan TAF i godt kompaniskap med privat næringsliv, og vi har god søking til tilbodet i år. Sist skuleår kunne vi ikkje starte opp TAF grunna manglande moglegheit for læreplassar, men no er dette heldigvis på plass igjen. Studieførebuande (idrettsfag og studiespesialisering) har også relativt stabile søkjartal, men vi skulle gjerne hatt fire klasser på studiespesialisering, fortel avdelingsleiar Bård Ringstad ved Ulstein vgs.

IDRETT: Anna Garnes Kleven (16) driv med friidrett og skal starte første året på idrettsfag no i august. Foto: Ingvild Myklebust Hovden
ELEKTRO: Øystein Grimstad Thormodsæter (16) stod mellom tre utdanningsval, men landa til slutt på elektrofag. Foto: Ingvild Myklebust Hovden