– Helsebror? Nei, nei, eg er helsesøster.

Daniel Eide Moltumyr ler litt av spørsmålet frå lokalavisa, og vedgår at det er mange som lurer på yrkestittelen. Han har funne seg godt til rette på kontoret inst i gangen på Ulstein vidaregåande skule. Helsesøster, står det på døra.

– Hit kan elevane kome utan å bestille time. Og så driv vi også mykje med undervisning i dei ulike klassene, fortel Moltumyr.

Kva er det ungdomane lurer på?

– Det handlar om førebygging innanfor psykisk og fysisk helse. Og nokre kjem berre for å ta ein prat.

Har du fått spørsmål som har overraska deg?

– Nei, det har eg eigentleg ikkje.

Frå ambulansetenesta

Daniel Eide Moltumyr er utdanna sjukepleiar, og har jobba både på sjukehus og i psykiatrien. Dei siste åra har ambulansetenesta i Ulsteinvik vore arbeidsplassen. No er han snart ferdig med spesialisering som helsesøster, men allereie i november i fjor starta han ved helsestasjonen i Ulstein.

– Utdanninga er eittårig, men eg tek det på deltid over to år ved NTNU i Ålesund, fortel han.

No skal han jobbe med helsefremjande og sjukdomsførebyggande tiltak både i barneskulen, ungdomsskulen og den vidaregåande skulen i Ulstein, saman med dei andre helsesøstrene på skulane.

– Det er eit stort aldersspenn, så det er ein utfordrande jobb, seier Moltumyr.

Kvar onsdag har han trefftid på vidaregåande frå klokka 09.00 til 13.00. Måndag, tysdag og torsdag er det helsesøster Hanna Moldskred som har trefftid på skulen.

Trur du det no vert enklare for gutane å oppsøke helsesøster?

– Til no har det nok vore litt fleire jenter enn gutar innom kontoret mitt. Mange gir uttrykk for at det er ok at det har kome ein mann som helsesøster, men eg trur det viktigaste å ha eit godt tilbod uansett kjønn, seier Daniel Eide Moltumyr.

Er glad i menneske

39-åringen frå Harstad bur på Dimna med kone og tre søner. Etter snart tre månader i helsesøsterjobben meiner han at han har valt rett spesialisering.

– Som helsesøster må du vere glad i og interessert i andre menneske. Det er eg, eg møter mange kjekke og flinke born og ungdomar, fortel han.

Kva trur du er årsaka til at så få menn vel dette yrket?

– Ei av årsakene er truleg at det er få menn som utdannar seg til sjukepleiaryrket. Nokre vil kanskje forklare at sjølve helsesøstertittelen verkar ekskluderande på menn. Og det er ein diskusjon no om tittelen bør endrast.

Kva synest du om det?

– Helsesøster er ei yrkesgruppe alle møter, gjerne mange gongar i livet. Viss tittelen skal endrast, meiner eg det må endrast til noko som synleggjer endå betre det vi faktisk driv med. Ein viktig del er oppfølginga av born på helsestasjonen fram til skulealder, men skulehelsetenesta er også eit satsingsområde der vi driv prosjekt, undervisning, helsefremjande og førebyggande tiltak.

Korleis har overgangen frå ambulansetenesta vore?

– Den har vore stor, vil eg seie. Det er på ein måte jobbar på kvar si side av helsevesenet. I skulen jobbar eg førebyggande, i ambulansetenesta ... ja, då kjem vi inn når det har skjedd noko, seier 39-åringen.

Kvar onsdag er Moltumyr å treffe på helsesøsterkontoret på Ulstein vidaregåande skule. Foto: Linda Eikrem