(NPK-NTB-Birgitte Iversen): Små, private grendeskular kan dermed puste letta ut.

Fredag legg kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) fram forslag for Stortinget om fleire endringar i friskulelova. Men det opphavlege forslaget om å auke elevgrensa frå 15 til 30 for at ein friskule skal få støtte, er no stroke.

Kunnskapsministeren seier motstanden frå støttepartiet Kristeleg Folkeparti (KrF), og også frå regjeringspartnaren Framstegspartiet (Frp), har vore avgjerande.

– Vi meinte det var fornuftig å heve elevgrensa, men vi trekker no kravet fordi vi ønskjer eit så breitt fleirtal som mogleg for den nye lova, seier Isaksen til NTB.

Han peikar også på at forslaget fekk svært hard medfart i høyringsrunden frå mange instansar.

Læringsutbytte

Departementet grunngav ei heving av elevtalet med at større skular vil kunne styrke læringsmiljøet og læringsutbyttet for elevane, og at tilsyn viser at små skular har utfordringar med å gi elevar lovpålagd tilpassa undervising eller spesialundervisning.

– Dette er vektige argument, men det finst samtidig fleire viktige motargument som gjer at vi har landa på den avgjerda vi no har gjort, seier Isaksen.

Han peikar på at friskulane med det nye kravet må gå «aggressivt» ut for å få fleire elevar, noko som kunne slått uheldig ut for dei offentlege skulane i kommunen.

– Det ville også skapt stor uvisse i mange område. Med den nye grensa ville 30– 40 skular ha stått i fare for nedlegging, seier han.

Isaksen seier han vil sikre at elevane på små skular får godt nok læringsutbytte og dei rettane dei har krav på med eit skjerpa tilsyn framover.

Demokratisk problem

Kommunesektorens interesseorganisasjon, KS, er skuffa over at regjeringa no bakkar ut.

– Det ei uklok avgjerd, seier direktør for interessepolitikk Helge Eide til NTB.

Han seier det er eit problem at dagens friskulelov vert brukt til å omgå lokaldemokratiske avgjerder.

– Det er openbert at mange av dei små skulane ikkje er etablerte på grunn av eit ønske om alternativ pedagogikk eller livssyn, men fordi ein er ueinige i strukturendringane, seier Eide.

Han meiner det er eit demokratisk problem og at det hindrar kommunane å gi elevane eit best mogleg læringsmiljø.

Stor belastning

Landslaget for nærmiljøskolen (LUFS) er svært letta over at departementet snur i saka.

– Vi reagerte med vantru då forslaget først kom, seier leiar Brite Kandal.

Ho seier det ikkje finst forskingsmessig belegg for at størrelsen på skulen har noko å seie for det faglege utbyttet til eleven.

– Men det vi veit, er at all læring går frå det kjente til det ukjente. Den moglegheita mistar dei barna som må bussast langt av garde for å gå på skule, seier Kandal.

Ho peikar på at det er ei stor belastning for barna som dagleg må reise langt av garde for å gå på skule. 55.000 elevar har i dag ei skulereise på ein time eller meir.

– Gjennom fleire år har vi hatt ei utvikling der barn i grisgrendte område blir diskriminerte og straffa for kvar foreldra bur. Når kommunane legg ned nærskulane, er det viktig at staten sikrar rettane til barna ved å gi foreldra moglegheit til å opprette friskular, seier ho.

Ifølgje LUFS har kommunane lagt ned 1.300 nærmiljøskular sidan 1986. (©NPK)