Fleire skip som seglar under norsk flagg, grønare skipsfart og meir forskning, innovasjon og samarbeid mellom bedriftene som lever av havet er nokre av grepa i den nye strategien.

– Den maritime næringa er ei viktig drivkraft i norsk økonomi. Me har store moglegheiter i, på og under havet, seier nærsingsminister Monica Mæland.

Næringsminister Mæland og finansminister Siv Jensen la i dag fram regjeringa sin maritime strategi: "Maritime muligheter - blå vekst for grønn fremtid".

– Regjeringa har frå dag éin jobba for å styrkje konkurransekrafta til dei maritime bedriftene. No kjem me med fleire tiltak som skal sørgje for at maritim næring framleis kan hevde seg i verdstoppen, seier finansminister Jensen.

Noreg er ein av verdas største sjøfartsnasjonar. Samstundes seglar færre skip med norske flagg. Lågare oljepris og svakare etterspurnad frå petroleumssektoren påverkar også den maritime offshore- og leverandørindustrien.

– For å sikre at Noreg også i framtida skal vere ein verdsleiande maritim nasjon, må me sørgje for at næringa har konkurransedyktige rammebetingelsar. Regjeringa vil leggje til rette for naudsynte omstillingar. Me skal også stimulere til auka samhandling mellom maritim næring, sjømat- og olje- og gassnæringane, seier Mæland.

Hovudpunkta i strategien:

Regjeringa føreslår å oppheve grensa for maksimal utbetaling i tilskotsordningar for NOR-skip i kystfart og utanriksfart, og for kystruta Bergen-Kirkenes.

I tillegg føreslår regjeringa at seglskip på over 498 bruttotonn skal få ei tilsvarande tilskotsordning som kystruta Bergen-Kirkenes.

Regjeringa vil etablere ei tilskotsordning tilpassa NIS, som erstattar dagens refusjonsordning med tilskot frå første sjømann.

I tillegg føreslår dei tilskotsordningar for konstruksjonsskip og utanriksferjer i norsk internasjonalt skipsregister (NIS).

I strategien opnar regjeringa for at fleire skip skal vere registrert i NIS. Regjeringa føreslår ei avgrensa opning for utanriksferjer med ruter til hamner utanfor Norden, NIS-skip som driv frakt mellom norske og europeiske hamner og konstruksjonsskip i NIS på norsk sokkel.

Det maritime samarbeidsprosjektet Markom 2020 skal vidareførast og utviklas. Regjerings vil også gje fleire rekrutteringsstillingar til den maritime næringa og vurdere å styrkje løyvingane til utstyr i maritim utdanning.

Fleire punkt på miljø

Regjeringa vil innleie forhandlingar om vidareføring av NOx-avtalen etter 2017.

Dei vil stille krav til teknologi for lågutslepp og nullutslepp i ferjeanbod.

Regjeringa vil stimulere til overføring av gods frå veg til sjø.

Vurdere innføring av ei mellombels vrakpantordning for norskregistrerte skip for å heve miljøstandarden i flåten.

Lage ein heilskapleg plan for auka bruk av landstraum i norske hamner.