Kråkesølv kjem til Ulsteinvik. Foto: pressefoto

Kultursekken i Møre og Romsdal har denne våren gleda av å kunne presentere spelemannsprisvinnar Kråkesølv for elevar i vidaregåande skule i Møre og Romsdal.

I perioden 4. april til 14. april arrangerer Kultursekken konsertar for elevane frå Ulstein vgs., Atlanten vgs., Kristiansund vgs., Sunndal vgs., Haram vgs., Ørsta vgs., Volda vgs., Fagerlia vgs. og Ålesund vgs. Konsertane blir haldne på kulturhusa i kommunane.

Storsatsing

– Dette er ei storsatsing for Kultursekken denne våren, vi gleder oss på skuleungdommen sine vegner og vi ventar oss mykje av konsertane, seier rådgjevar innan kulturformidling i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hege Merethe Gagnat.

Ho fortel at dette blir ein konsert med fullt trøkk. Kråkesølv har sidan oppstarten i 2007 spelt over heile Noreg. Gruppa fekk gjennombrotet via P3-programmet Urørt og bransjefestivalen by: Larm.

Mest spelte

I 2010 spelte dei på Øya-festivalen. Dei fekk Spellemannsprisen som beste popgruppe i 2011. I tillegg var dei nominerte til Spellemannspris som “Årets nykommer”. Saman med John Olav Nilsen & Gjengen var Kråkesølv det mestspelande bandet i festival-Noreg sommaren 2010.

Kråkesølv gav hausten 2009 ut albumet “Trådnøsting” som fekk svært gode kritikkar av eit samla norsk kritikarkorps. Plata “Bomtur til jorda” kom ut november 2010.

Dei som er med i Kråkesølv er: Kristoffer Magnus Nohr Unstad – gitar (vokal), Fredrik William Olsen (gitar og vokal), Petter Waldemar Nohr Unstad (bass) og Thomas Litangen (trommer).