– Likar å vere leiar: Karina Gade Larsen flytta frå Danmark til Norge som 20-åring, og busette seg på Hareid. Der er 31-åringen butikksjef på Bunnpris, ein jobb ho er veldig glad i. – Eg likar å vere leiar, og samspelet med kollegaene mine. Ingen dag er lik den førre, seier Karina. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Dejlig å vere dansk – på Hareid

To år på overtid blei Karina Gade Larsen tidlegare i år tildelt prisen for «Årets kjøpmann 2020» i Bunnpris-kjeda. Det var ikkje eit scenario ho hadde sett føre seg, då ho kom flyttande frå Danmark til Hareid som 20-åring.