– Det er sjølvsagt veldig kjekt å sjå att det ein har gjort, i ein slik type setting, seier Per Eide til Vikebladet Vestposten.

Fotografen var nyleg om bord i Tyrkia-bygde Havila Pollux same dag som kystruteskipet for første gong skulle gå med passasjerar frå hamn i Bergen på veg nordover til Kirkenes. Der fekk han med eigne auge sjå bilda han har levert. Dette er det siste i rekkja av mange utsmykkingsoppdrag han har hatt for ulike reiarlag opp gjennom åra. Men, det som gjer det ekstra spesielt – er at det er hans klart største.

– Eg har levert 25 motiv til kvart av skipa, som er trykt opp i fleire storleikar og eksemplar og som heng inne på lugarar av ulike typar. 254 bilde på kvart av skipa, 508 totalt. Det blir nok ein «once in a lifetime», dette – men det er veldig kjekt, fortel Eide.

Anemone: Dette er eitt av bilda som heng om bord i Havila Pollux og Havila Polaris, i fleire eksemplar. Det er eit bilde av ein to centimeter stor anemone, fotografert under Straumane-brua til Dimnøya. Foto: Per Eide.

Som også til dømes har hatt utsmykkingsoppdrag på mange av Island Offshore sine båtar opp gjennom åra, og Hurtigruten-skipa Polarlys og Finnmarkingen – som begge blei bygde og levert frå Ulsteinvik, i høvesvis 1995 og 2002. Eide har passande nok også levert undervassbilde til permanent utsmykking av Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg. Davik er mest kjent for å ha skrive historiene om «Taremareby».

«Taremareby»: Dette bildet viser delar av sida av ein stein dekka av anemonar og blautkorallar, dødmannshender, som ligg på to og ein halv meters djupne, 60 meter ut i havet frå Roppesanden på Flø. Foto: Per Eide
Juniorsuite: Her er eitt av Per sine mange bilde om bord i Havila Pollux, eit spekkhoggarmotiv han tok i Vestfjorden i Lofoten i desember. Ei hoe med ein kalv og ein liten sildestim bak dei. Foto: Per Eide.
Undervassfotografen og havet: Her er Per på veg opp igjen etter eit dykk, med mange nye bilde på minnebrikka. Dei fleste av undervassmotiva han har levert som utsmykking til kystruteskipa er tatt på Søre Sunnmøre. Foto: Tom Knudsen.

– Får vise fram norskekysten

I prosessen som leia opp til leveransen, ein prosess som tok rundt to år – hadde han mange forslag til motiv Havila Kystruten kunne velje mellom. Motiva dei beit seg mest merke i var dei Per Eide er desidert mest kjent for – slåande flotte bilde frå verda under havoverflata. Dei fleste bilda er ifølgje Eide tatt i havet på Søre Sunnmøre.

– Dei som reiser med desse flotte skipa ser jo det som rører seg over havoverflata, men ingenting av det som skjer under. Det er ein artsrikdom under havskorpa rundt oss som svært få eigentleg kjenner så godt til. På denne måten håper eg gjestane får litt innsikt i kva som faktisk lever der, seier Eide til lokalavisa og viser fram eit bilde tatt eit stykke utanfor Roppesanden på Flø.

Det er Reklameprint AS i Ålesund som har printa bilda, på børsta aluminiumsplater. Desse har så blitt montert av eit Bergensbasert firma.

Sjøstjerne: Eit anna bilde som heng om bord i kystruteskipa. Her ser ein eine arma til ei sjøstjerne, blant anemonane, også under Straumane-brua. Ein kan dykke i rundt ein time før straumen snur, under denne brua, fortel Per Eide. Straumen gjer at dyrelivet her er utruleg rikt. Foto: Per Eide.

Svært erfaren undervassfotograf

69-åringen har vore profesjonell fotograf sidan 1981, og fekk tidleg ei interessere for det som finst under vassoverflata. Han har gjennomført meir enn 2.000 dykk, og dokumentasjonen han har stått for av det som ligg under vasskorpa er enorm. Han er fire gonger norsk meister i undervassfotografering, fem gonger nordisk meister og har ein svært imponerande fjerdeplass frå eitt av dei tre verdsmeisterskapa han har deltatt i. I tillegg har han fleire gonger vore dommar i verdsmeisterskapet.

– Eg har samla ein del erfaring i løpet av mine 42 år som fotograf, og har bygd meg opp ein bra utstyrspark og kunnskapsbase på desse åra. Eg er framleis godt motivert, og ser heile tida etter måtar å fornye meg på, seier Eide.

Han fortel at han også framleis leverer ein del bilde til privathushaldningar og bedrifter.

– Men, dei av bilda mine som er trykt opp flest gonger er dei tre eg leverte til Posten, til dei første valørlause frimerka som kom. Dei er trykt opp i over 82 millionar eksemplar til saman, seier ein smilande Per Eide avslutningsvis.

Blåstål: Dette bildet av ein Blåstål er tatt utanfor Brandal. Foto: Per Eide.
Havila Capella: Her har Per Eide tatt bilde av eine søsterskipet til Pollux og Polaris, Havila Capella. I bakgrunnen ser ein Grasøyane. Foto: Per Eide
Undervassfotograf: Her er Per Eide foreviga i det han stig opp av havet. Foto: Tom Knudsen.
Til private og bedrifter: Per Eide sel også mange bilde i ulike storleikar til private og bedrifter. Foto: Per Eide/Rawpixel.com.
Reklameprint: Her sjekkar Per kvaliteten hos produsenten Reklameprint i Ålesund. Det er dei som produserer bilda han sel. Foto: Torgeir Skauvik.