Fylkesmannen har slått fast at nytt bustadfelt på Røyset ikkje utløyser krav om ny dimensjoneringsklasse for Røysetvegen.

To oppsitjarar, Knut Petter Tøsvik og Rune Røyset, sende inn merknader til reguleringsplanen. Begge peikte bl. a. på at auka tungtrafikk i det siste har skadd vegen. Dei etterlyste derfor at reguleringsplandokumentet nemner noko om opprusting og forsterking av vegen. I Fylkesmannen si tilbakemelding støttar han seg til vegvesenet sine handbøker og skriv at utvidinga av bustadområdet på Røyset ikkje utløyser ny dimensjoneringsklasse av vegen.

Det er kommunen som eig vegen og som har ansvar for at han held den standarden som trengs for den trafikken han er dimensjonert for, skriv Fylkesmannen, som likevel er klar over at Røysetvegen er i dårleg forfatning og at behovet for vedlikehald i høgaste grad er til stades. Men kommunen har altså ansvaret.