Uroa kring ferjekaoset på stekninga Hareid - Sulesund har også nådd Senterpartiet. Partiet har hatt fylkesårsmøte denne helga og i ein av resolusjonane som vart vedtekne handlar det nett om skjerpa krav til ferjedrift.

Senterpartiet i Møre og Romsdal syner til at det på fleire ferjestrekningar i fylket har det vore problem med å ta unna trafikken.

- I enkelte samband er problemet nærast permanent. Konsekvensane  er at kjøretøy blir ståande att, korresponderande trafikk blir ikkje nådd og folk seg ikkje kjem seg på arbeid til rett tid. Godstransporten som skal bringe varer i hyllene i butikkane eller skal til kontinentet blir forsinka, heiter det i resolusjonen der fylkesårsmøtet i Senterpartiet gir uttrykk for at dei er uroa over tryggleiken ombord i ferjene på grunn av lav bemanning.

Årsmøtet meiner at det er statleg underfinansiering av ferjedrifta som er hovudproblemet.

- Fleire av ferjene er gamle og lite hensiktsmessige, har dårleg fart, liten kapasitet og er ofte ute av drift. Dette fører til hyppige verkstadsopphald og reserveferjene har ved fleire høve vore endå dårlegare slik at tilhøva er blitt verre, heiter det.

I resolusjonen peikar dei på at dei reisande, gjennom media, gir uttrykk for sviktande tillit til reiarlaga som driftar ferjene og til Møre og Romsdal fylke som oppdragsgjevar.

- Møre og Romsdal Senterparti krev betre statleg finansiering av ferjedrifta. Vidare oppmodast fylket til å gå gjennom rutinane sine i samband med kontraktsinngåing for å sikre eit ferjetilbod i alle samband som stettar behova til dei reisande. Det er og viktig å kontrollere at rederia oppfyller kontraktane, er kravet frå Fylkesårsmøtet i Senterpartiet.