I fjor var september her på Sunnmøre utruleg nok varmare enn dei tre sommarmånadene juni, juli og august.

Det same skjer ikkje i år, men trenden med varm ettersommar og temperaturar langt over gjennomsnitten ser ut til å halde fram. Målestasjonen på Svinøya kan faktisk ende opp med september som varmaste månad for andre år på rad.

To dagar før september går ut – midt i ei varmebølgje – ligg Svinøya nemleg berre 0,2 grader frå at september får høgast middeltemperatur to år på rad.

Uttrykk som «indian summer» og «desse milde dagane i september» (av diktaren Olav H. Hauge) har nok ein gong vist seg sanne.

Meteorologisk Institutt sine målestasjonar på søre og ytre Sunnmøre hadde middeltemperaturar på om lag 4 grader over normalen i september 2016. I år ligg middeltemperaturane 2-3 grader over normalen.

To dagar før september går ut har dei fire målestasjonane hatt desse middeltemperaturane i månadene juni, juli, august og september:

Fiskåbygd:

11,9 – 13,4 – 13,4 – 12,5

Ørsta Volda Lufthamn:

12,3 – 13,5 – X – 12,0

Svinøy fyr:

X – 13,1 – 13,9 – 13,7

Vigra:

12,2 – 13,6 – 14,1 – 13,2

X = ikkje oppgitt.