Vidar Vollsæter, smittevernlege i Hareid, fortalde til Vikebladet Vestposten måndag ettermiddag at ei rekkje tiltak er sett i verk i høve smitteutbrotet ved Spenncon i Hjørungavåg.

– Det er sjølvsagt beklageleg at ein får eit slikt stort utbrot. Men – det er heller ikkje uventa. Folkehelseinstituttet har allereie sagt at ein på landsbasis kan forvente mykje meir smitte framover. Dette er nok berre eit ledd i akkurat det, seier Vollsæter.

Ifølgje Folkehelseinstituttet kan ein i verste fall forvente opp i mot 50.000 nye smittetilfelle per dag i Norge.

– Om ein legg det talet til grunn – vil det svare til rundt 50 smitta i Hareid kvar dag, seier Vidar Vollsæter.

– Har sloppe billig unna

Han trur smittetalet vil kunne auke – også her lokalt.

– Vi har nok truleg sloppe relativt billig unna så langt – og har litt å ta igjen. Samstundes er det ei langt meir spreidd befolkning her reint geografisk, sett i høve dei store byane.

Omikron-varianten av koronaviruset har så langt vist seg å vere meir smittsamt – men det er også ifølgje statistikkane mindre alvorleg.

– Det er eit tviegga sverd dette, seier Vidar Vollsæter.

Arbeidet vidare ved Spenncon i Hjørungavåg blir å finne ut kven andre som er smitta, og få dei i isolasjon – i tillegg til at nærkontaktane går i karantene.

– Elles blir det å oppmode tilsette der, og i andre verksemder – om å følgje vanlege smittevernråd. Hald avstand, bruk munnbind der det bør brukast – og hald deg heime om du er sjuk. Har du symptom, ikkje nøl med å teste deg, seier Vidar Vollsæter.