Drivkraft er namnet på Sparebank 1 Søre Sunnmøre sitt samfunnsengasjement.

– Frå førre laurdag av har lag og organisasjonar i Ulstein og Hareid som har behov for midlar, hatt moglegheita til å søkje om det frå oss. Einaste kriteria er at søkjaren må opprette ein spleis, som inneheld kva ein søkjer til og kor mykje ein søkjer om. Eg vil gjerne oppmode lag og organisasjonar i Ulstein og Hareid til å søkje, for vi har ikkje fått inn søknader frå desse kommunane enno.

Det seier Lillian Kleven Breivik, avdelingsbanksjef for personmarknaden ved Sparebank 1 Søre Sunnmøre si avdeling i Ulsteinvik.

Lokalbanken ønsker at prosjekta i regionen skal vere opne og transparente – og det er difor eit av krava er å opprette ein spleis – slik at folk får sjå kva det går ut på. Det som viser seg å vere populært – blir også tilsvarande prioritert av banken.

Etter søknadsfristen 1. mars deler Sparebank 1 Søre Sunnmøre ut inntil 1 million kroner til saman – fordelt på dei ulike prosjekta som har søkt.

– For oss er det viktigaste at folk i dei ulike bygdene i regionen vår ser kva som skjer rundt dei, og at dei engasjerer seg. Ingenting er for smått å søkje om midlar til, seier Lillian Kleven Breivik.

Trekkjer éin vinnar kvar veke

Som fortel at interessa rundt til dømes heilårsbading er noko som har auka mykje den siste tida – og at ei badstue til eit slikt formål kan vere eit tenkt prosjekt å søkje om pengar til.

Så lenge nokon er villige til å drifte og halde ved like eit slikt tilbod.

I veke 5, 6, 7 og 8 blir det dessutan trekt ein vinnar som får 10.000 kroner. For å vere kvalifisert må ein ha samla inn over 1.000 kroner totalt på spleisen og fått 50 stemmer på spleisen den veka.

– Vi håper folk søkjer, for dette er pengar vi har skikkeleg lyst til å gi til gode formål. Vi veit det er tøft for mange lag og organisasjonar om dagen – som ikkje får gjennomført det dei ønsker på grunn av pandemien. Såleis kan vi vere med på å bidra til det betre, seier Lillian Kleven Breivik.

Ho fortel også at banken i år som tidlegare deler ut talentstipend. Der er også søknadsfristen 1. mars.

– Vi ønsker at unge talent i Ulstein og Hareid søkjer om tilskot til vidare satsing. Men diverre er erfaringa at få søkjer. Ein treng ikkje vere redd for å gjere det, for vi vil gjerne støtte dei som treng det, seier ho til slutt.