Mange hadde samla seg i Hareid sentrum for å få med seg fellesfyrverkeriet som vart sendt opp frå moloen. Litt over klokka 22.00 braka det laust og både innfødde og dei mange som hadde teke turen frå Ulsteinsida kunne gle seg over eit fargerikt skue. Vêret synte seg til alt overmål frå si gode side. Det var litt utrygge meldingar dagane før nyttårsaftan, men vêrgudane varta opp med både klarver og vindstille då tida for oppskytinga var inne.