Om lag 50 personar tok turen til Holestanden søndag.

Der kunne ein nemleg få sjøsetje seg sjølv i både seglejoller og kajakkar.

For dei minste kunne ein også ta seg ein båttur med sjølvaste Eliasbåten.

Det var Redningsselskapet Ung avd. Hareid som hjelpte til, som vart stifta seinast i fjor.

Dette er ungdommar i alderen 14-25 år, som er godt kursa og kunne kome med gode råd og rettleiings undervegs.

Når ein vart svolten var det høve for både matsal og grilling ved sanden, for dei som ønskte det.

Alle foto frå Holesanden: Rakel Dyrhaug