Tysdag troppa Idar Flø (leiar i Hareid næringsforum), Arild Grimstad (leiar i Hafest) og Stein Erik Flø (leiar i Hareid småbåtlag) opp ved Hareid ferjekai for å gje klar beskjed om kva dei synest om planane for plassering av batteribygg ved Hareid ferjekai.

– Det er heilt meiningslaust, slår Idar Flø fast.

Han meiner både den opphavlege løysinga, med plassering langs sjøsida, og den alternative plasseringa, der bygga blir plassert mellom Trelastbygget og oppstillingsplassen på ferjekaia, vil vere svært negativ.

– Det sperrar av heile sentrum, seier Flø.

Går saman om klge

No har Hareid Næringsforum, Hafest, Hareid småbåtlag, Melshorn Hotell, Hareid pensjonistlag, Hareid frivilligsentral, Hareid Rotary, Hareid Eldreråd og Ulstein Betong Constructor gått saman om å forfatte ei klage på det nye forslaget.

I klaga skriv dei mellom anna: «Gruppa meiner dette, til liks med det tidlegare alternativet langs strandlina, er ei uakseptabel løysing. Vi er uroa over ulemper med t.d. forringing av naboeigedomar, redusert utsikt, dårlegare tilkomst for handlande og annan sørvis, moglege støyproblem frå kjølevifter o.s.v. Det same gjeld og for det estetiske sentrums- og hamnemiljøet. Området treng langt meir eit løft, enn å bli forringa av livlause framandelement som dette.»

Vinn-vinn

Men i staden for å berre klage på forslaga til plassering av batteribygga, viser gruppa til ei alternativ plassering, føreslått av Trelast Eigedom AS. Dette alternativet går ut på å legge batteribygga på ei utfylling nedom Trelastbygget.

– Alle vi som protesterer på dei andre plasseringane er interesserte i å ha det her. Dette vil gje ei usjenert plassering. Her nede langs sjøkanten er det også regulert inn ein gangveg, og dersom ein fyller ut for å få plass til batteribygga så er ein godt på veg allereie. Det er vinn-vinn for alle partar, meiner Arild Grimstad, Idar Flø og Stein Erik Flø.

Gruppa krev no at Fjord1 og Norconsult går bort frå planane om plassering av batteribygg langs ferjekaiområdet.

«Den minste ulempa for alle partar er etter vår meining å plassere bygga på den nemnde utfyllinga i hamna, slik Trelast Eigedom AS har lansert, skriv gruppa i klaga.

Formannskapet i Hareid kommune skal ha oppe ei klagehandsaming i saka om plassering av batteribygga i møte komande måndag.

Les heile klagen:

Batteribygga - eit livlaust framandelement der folk ferdast

Vi som har underteikna dette skrivet, har fått kjennskap til dei siste planane for plassering av Fjord1 sine batteribygg i hamneområdet i Hareid. Dette går ut på å plassere bygga mellom Trelastbygget og oppstillingsplassen for ferjebilar, delvis plassert på 41/169, Hareid kommune sin grunn, og på 41/1095, Fylkeskommunen sin grunn.

Gruppa meiner dette, til liks med det tidlegare alternativet langs strandlina, er ei uakseptabel løysing. Vi er uroa over ulemper med t.d. forringing av naboeigedomar, redusert utsikt, dårlegare tilkomst for handlande og annan sørvis, mulege støyproblem frå kjølevifter o.s.v. Det same gjeld og for det estetiske sentrums- og hamnemiljøet. Området treng langt meir eit løft, enn å bli forringa av livlause framandelement som dette. Batteribygga si utforming og funksjon, meiner gruppa vil vere malplasserte i eit pulserande sentrumsmiljø. Det er tett inn på ei aktiv handelsverksemd, m.a. med post i butikk, treningsstudio, Ressurssenter og vaksenopplæring - med andre ord midt i eit konsentrert område der mykje folk ferdast.

Gruppa er vidare kjent med at Trelast Eiendom AS, har foreslått ei anna og langt betre plassering. Dette på ei utfylling av eit grunnt hamneområde nedom Trelastbygget, litt meir i retnig av Fellesnaustet og nothenget. Trelast Eiendom er og positive til dialog om ein god tilkomst til området. Dette kan bli ei teneleg løysing som vil vere akseptabel for alle.

Denne gruppa av næringsdrivande og organisasjonar i Hareid, krev såleis at Fjord1 / Norconsult AS legg bort planane for plassering av batterihusa langs strandlina, og planane om plassering opp og ned mellom Trelastbygget og oppstillingsplassen for ferjebilar.

Den minste ulempa for alle partar er etter vår meining å plassere bygga på den nemnde utfyllinga i hamna, slik Trelast Eiendom AS har lansert.

Med helsing:

Hareid Næringsforum ved Idar Flø, leiar

Hareid småbåtlag ved Stein Erik Flø, leiar

Hareid pensjonistlag ved Svein Johs. Flø

Hareid Frivilligsentral ved Heidi Kvalsvik, leiar

Hareid Rotary ved Sverre Jarl Ulstein, leiar

Hareid Eldreråd ved Asbjørn Vatne, leiar

Ulstein Betong Constructor AS ved Harald Sætre, styreleiar

Melshorn Hotell ved Linda Haddal

Hafest ved Arild Grimstad, leiar

Alternativ plassering: I staden for å plassere batteribygga langs oppstillingsplassen, eller mellom Bunnpris og ferjekaia, ønskjer gruppa i staden å plassere batteribygga på baksida av Trelast-bygget. Her markert med ein oransje firkant. Illustrasjon