Det var eit samrøystes formannskap inklusiv Oskar Grimstad som valde å utsetje neste kommunestyremøte grunna lita saksmengde. Heile det politiske miljø ynskjer mange og gode saker å jobbe med og slik eg ser det har både politiske miljø og administrasjon eit ansvar for at saksmengda er god. Helsehuset står som orienteringssak kvart formannskap og det er lagt ein tidsplan godkjent av kommunestyret, og byggenemnda held seg til det vedtaket.

Det er naturlege årsaker som ROBEK og krevjande kommuneøkonomi som har vore hovudårsaka til at vi ikkje har kunna gjort dei store satsingane i Hareid, men det blir direkte feil å seie at vi ikkje har budd oss på oppgangen som no kjem med å rigge organisasjon og økonomi slik vi kan realisere helsehus, miljøgateprosjektet, fotballhall, parken, Hareidsmyrane nord, bustadfelt på Pålhaugen og Holstad. Det er engasjert prosjektleiing og laga planar for alt dette som no vil bli realisert. I tillegg har vi hatt til dels omfattande vedlikehald på skular, sjukeheim og no renovering av rådhuset. Ny kyrkjegard og ei oppgradering av parkeringsforholda gjennom Hapark. Alt dette i eit felles politisk løft frå alle dei politiske partia.

Det viktigaste er likevel at vi i denne krevjande situasjonen har levert gode tenester til innbyggjarane og tatt tilbake kontrollen med økonomien og klart å bygge driftsfond, dette må vi halde fast på i det vidare arbeidet for å sikre føreseielege tenester til innbyggjarane.

Eg har møtt fem dagar på Stortinget sidan valet, noko som har gitt ei ny kontaktflate i det politiske system som eg er overtydd om vil kome Hareid kommune til nytte i framtida.

Det er positivt at Frp no vil bidra til å fortsette det gode arbeidet vi er inne i med utmelding av ROBEK, historisk høgt investeringsprogram og ein god å framoverlent administrasjon som har sett samfunnsutvikling i høgsetet. Noko kraftig korrigering av kursen ser eg ikkje noko behov for, vi må halde oss på den kursen vi politisk har blitt einige om, den har gitt resultat.