- Dette er først og fremst ei stadfesting på at vi lagar god øl, seier Øyvind Grimstad Gryt.

Dei er framleis nok så ferske i denne bransjen, etter å ha starta opp brygging av økologisk øl i lokala der den nedlagde bensinstasjonen på Hareid ligg, så seint som i fjor. Frå det til å vinne prisen for årets beste tradisjonsøl i Norge under Det Norske Måltid, er noko duoen Øyvind Grimstad Gryt og Andreas Grimstad ikkje hadde sett føre seg.

- Det var rimeleg uvirkeleg då eg fekk vite det. For oss har det å kome til finalen vore ein stor siger i seg sjølv. Å ta prisen for årets tradisjonsøl blant så mange gode kandidatar, og det å vere ein av tre på slutten der, det har vore heilt enormt, seier Øyvind Grimstad Gryt.

Han sjølv sat heime og fekk bilete på MMS med styreleiar i Grim & Gryt, Nils Nesje, av Andreas Grimstad som stod på scena saman med konferansier Arne Hjeltnes og utdelar Petter Nome.

- Det var heilt vilt. Eg ropa berre jaaaaa!

Viktig for selskapet

Øyvind legg ikkje skjul på at denne sigeren vil hjelpe mykje for å gjere Grim & Gryt meir kjend også andre stader i landet.

- Det er veldig viktig at folk får vite om oss. Her sit det ein jury, som er dei fremste på mat og drikke i landet vårt, og vel ut vår øl som den beste. Ein får ikkje mykje betre signal om at vi kan dette, enn det.

Grim & Gryt har sett seg eit hårete mål, og det er større moglegheiter for å oppnå dette etter sigeren fredag.

- Vi har eit ønskje om å vere heile landets økobryggeri. Dette er eit fenomenalt godt skritt på vegen, seier Øyvind Grimstad Gryt.

Juryen begrunna prisen slik:

"Med utgangspunkt i landet sine mange ølbryggartradisjonar, står vi her ovanfor eit produkt som verkeleg reflekterer dette. God balanse av aroma, smak, friskheit og lukt. Ølet opplevast særs behageleg å drikke."