Både Ulstein og Hareid er godt i gang med nabopratar med naboane sine for å diskutere kommunereforma. Kva kommunar skal slå seg i hop, og kor mange bør ein vere for å bli "robust nok"?

Den eine politikaren etter den andre tok ordet for å uttrykkje sin iver for å bli ein større kommune. Fleire meinte at Ulstein og Hareid i lag blir for smått, ein må tenkje større. Helst skulle dei sett at alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre slo seg saman. Det var særleg ulsteinpolitikarane som ivra etter å bli større.

Representantane frå Folkelista på Hareid var dei minst ivrige. Kristian Fuglseth kritiserte språkbruken, som minna han om dommedagsprofetiar i EU-kampen. Då vart det sagt at alt skulle bli så ille om Noreg ikkje vart med i EU, men det vart det ikkje. - La debatten bli prega av realisme, oppmoda han.

Einar Warholm frå Hareid Venstre var ikkje så oppteken av kor mange kommunar ein slår i hop, eller om rådhuset blir liggjande i Hareid eller Ulstein. Han var meir oppteken av innhaldet. Kommunane bør bli større for å tiltrekkje seg fleire arbeidsplassar. Og ein bør bli attraktiv for å få tak i dei rette arbeidsfolka.

Politikarane var samde om at det er viktig å ikkje dra konklusjonar utan å få med innbyggjarane. Og at dei har lita tid på seg.

Naboprat med Sande

I dag har både Ulstein formannskap og Hareid formannskap naboprat med Sande formannskap, men kvar for seg.

Hareidsordførar Anders Riise håpar og trur at desse nabopratane munnar ut i at dei tre kommunane blir samde om å få til noko i lag, og at Herøy også blir med på det. Vanylven må også gjerne bli med.

- Det hastar, så ein må jobbe effektivt, seier Riise til Vikebladet Vestposten. Tysdag 8. september skal Hareid ha naboprat med Herøy. Ulstein hadde naboprat med Herøy tidlegare i sommar.

Les meir i papiravisa torsdag 3. september.

Ulsteinordførar Jan Berset og hareidsordførar Anders Riise leia møtet i lag.