– Når eg no er tilbake får eg ei merkeleg kjensle, eg trur mange her i landet hadde hatt godt av å sjå ein annan kvardag enn den vi lever i. Til dømes i skulen. På David School var dei 30 elevar i eit lite klasserom, og dei kunne ha to eksamenar på ein dag.

John Stennes, leiar for Rotary Foundation (TRF) i distriktet, er nyst komen heim frå eit to vekers opphald i Sierra Leone. TRF er den humanitære delen av Rotary som støttar humanitære prosjekt og gir utdanningsstipend. Han reiste i lag med Per Helge Jøsok, Kjell Høydal og Harald Indresøvde frå Volda Rotary for å sjå på utviding av eit skuleprosjekt i landsbyen Port Loko, ein times køyring utanfor Freetown.

– Årsaka til at eg reiste, var å bli med teamet som fotograf og at eg ville sjå om her var behov for andre prosjekt. Vi diskuterte opplæring av lærarar og vidare utdanning for elevane. Utdanning av ungdomen er viktig for Sierra Leone. Landsbyen har heller ikkje sjukestove.

Mange givarar

For fem år sidan var her ingen skule. På desse år har dei makta å bygge opp eit tilbod til og med ungdomsskulen for dei 300 elevane. Klasseromma har ikkje vår standard, men læreviljen er stor, og kristne og muslimar sit i lag utan at det byd på problem.

Volda Rotary har siste åra engasjert seg i eit skuleprosjekt som den engelske rotarianaren David Wallwork, hadde ideen til og starta opp. Volda Rotary er venskapsklubb til klubben hans i England. David School Trust er ansvarleg for å drive skulen, basert på frivillige støttespelarar. Stennes fortel at i tillegg til Volda og Ørsta, har klubbane i Hareid, Herøy, Sykkylven og Giske støtta opp om prosjektet. Det har også fått støtte frå regionen og privatpersonar.

Ringverknader

Denne gang skulle dei montere solcellepanel på taket til den nye ungdomsskulen. Her er nok lys på dagtid, men skal dei kome vidare i undervisninga av vaksne, som skjer på kveldstid, må dei ha lys. Det vart plassert 12 panel på taket og bygd eit rom for det kompliserte utstyret. Dei lærde også opp folk til å halde anlegget ved like.

Tidlegare har dei montert solcellepanel på taket på barneskulen. På grunn av fattigdomen i området, får skulen støtte frå FN sitt matvareprogram til å gje barna eit måltid mat for dag. Dette gjer at foreldra blir motiverte til å sende barna på skulen.

– Solcellepanela opna ein heilt ny verd for landsbyen som ikkje har elektrisk kraft. No kan dei nytte dette til å lade opp telefonar og verkty. Det vart også kjøpt inn eit kjøleskåp til oppbevaring av medisinar som elles ikkje let seg lagre i varmen.

Planane er å få i gang ein vidaregåande skule. Det trengst alle typar fagfolk som kan vere med på å byggje opp det krigsherja landet.

– Etter år med borgarkrig står landet på bar bakke. Mange av elevane ved skulen ønskjer å ta høgare utdanning. Men eit studium kostar 4.000,- kroner i året, og det har dei jo ikkje. Dei har omtrent ikkje pengar.

Gåveutdeling

I forkant var det sendt ein container frå England. Her var i tillegg til skuleuniformer, sko, tannbørste og tannkrem, vassbehaldarar som kan rullast på bakken. Då slepp dei bere vatnet på hovudet lange vegar, og slepp   såleis øydelegge nakken sin. Med desse Rotary-Rollers kan også barn hente vatn. Kvar av dei 110 familiane fekk sin.

– Å oppleve denne utdelinga var som å feire fødselsdag, 17. mai og jul på ein gong. Der var ei veldig glede.

Barna ser sunne og friske ut. Stennes fortel at dei dyrkar ris og peanøtter og har fisk i elva. Det er einsidig kosthald, men dei svelt ikkje.

Skulen har eit stort område. Under besøket vart det merka opp eit område som etter planen skal nyttast til fruktproduksjon, noko som både kan gje eit tilskot til kosthaldet, og skape arbeidsplassar og dermed inntekter for landsbyen.

Medisinar i staden for blad

Stennes fortel at den største dødsårsaka er vanlege sjukdomar og infeksjonar som let seg behandle. Difor vert det starta med opplæring i behandling av sår og allmenn helse ved skulen på kveldstid.

John fekk med eigne auge sjå korleis ein infeksjon kunne arte seg. Ein dag oppdaga han ei jente med eit steinansikt stå litt til sides for dei andre.

– Uttrykket var prega av smerte. Eg gjekk bort til ho og fekk sjå handa hennar. Den var hovna opp og heilt betent, og nokon hadde lagt blad på i von om at det skulle hjelpe. Det såg stygt ut. Vi hadde ein tenestebil under opphaldet og nytta den til å køyrde ho til doktor. Der fekk ho hjelp.

– Ho vinka smilande til meg då vi reiste. Det var godt å sjå.

Redda liv

Ei anna jente som gjekk på ungdomsskulen, hadde betennelse i ein fot og var hoven frå ankelen til kneet. Også henne fekk dei køyrt til sjukehuset. Det kostar pengar både å bli innlagt og maten dei treng. Stennes betalte for opphaldet og maten dei dagane ho måtte vere på sjukehuset. Eit lite sjukehus med ein sal der det var plass til om lag 10 senger. Stennes fekk ikkje kome inn til jenta, men han lurte seg til å kike inn.

– Her redda vi eit liv, kjem det alvorsamt.

Mange av elevane fekk også anna hjelp. Ved hjelp av enkle middel tok dei elevane gjennom ein synstest. Her sila dei ut 30 som ikkje såg så godt, og som dei køyrde til næraste augelege, ein frivillig frå Nederland. Ut frå undersøkinga var det 14 som måtte vidare til behandling, nokre måtte til og med opererast, og ni trong briller. Dei betalte teamet frå Norge.

– Vi reiste før dei ni elevane fekk brillene, så eg veit ikkje korleis det gjekk.

Kontrasten

Det legg seg rynker i ansiktet til forteljaren. Ein slik fattigdom var ukjend for han.

– Eg var lite budd på kva vi møtte. Det var denne kontrasten frå det rike Norge. Å kome til plassar der dei ikkje har nokon ting. Eg tenkte på kva vi har gjort i Norge som har det så godt. Eg har reist ein del i Aust-Europa, men dette var mykje, mykje verre. Noko anna eg merke meg, var at eg såg ikkje eldre folk. Kanskje ikkje rart når levealderen er berre 42 år.

Han opplyser at Rotary er ein av verdas største og mest akta humanitære organisasjonar. Dei gir om lag 150 millionar dollar kvart år til ymse prosjekt. Sidan 1985 har det kome opp i ein milliard dollar berre til å utrydde polio i verda. Det spesielle med Rotary er at dei etablerer eit samarbeid med ein rotaryklubb i område som tek imot hjelp.

Fattige – men frie

Delegasjonen budde i Freetown, i eit hotell som var innegjerda av høge murar. Dei kunne ikkje gå ut aleine. Kvar dag køyrde dei ein time ut til landsbyen. Dei hadde gode hjelparar.

– Vi køyrde gjennom Freetown, også gjennom slummen, og   det var skikkeleg fælt. Heilt ufatteleg at nokon kan bu og ha det slik. På landsbygda hadde dei ingenting, men som ein av landsbybebuarane sa ”vi er friare”. Det har han nok rett i.

Så kom han heim att til julepynt og bugnande butikkar.

– Vi er ufatteleg privilegerte. Vi lever i ei boble. Her slepp ungdomen kjempe for eksistensen.

Glade ungdomar sjølv om dei sit trongt, men så har dei også fått ny uniform og nye sko. Foto: john stennes
Den nye ungdomsskulen med ferdig montert solcellepanel. No kan dei ha undervisning også på kveldstid. Foto: john stennes