Du kan sende inn kven du trur skjuler seg bak nissemaska på e-post til tevling@vikebladet.no. Hugs å sende inn før laurdag 2. desember.

Dagens gevinst er eit gåvekort frå Ulstein Havsauna til ein verdi av 700 kroner. Vinnaren blir trekt måndag 4. desember.

I årets adventskalender vil du bli introdusert til 24 forskjellige nissar. Bak maskene skjuler det seg 24 meir eller mindre kjente folk frå Søre Sunnmøre - eller som bur på Søre Sunnmøre. Alle kjem med hint om kven dei er, og du får vere med å gjette. I tillegg kan ein, i nokre episoder, sjå hint blant julepynten bak nissen. Stemma på dei fleste nissane har blitt litt forandra på.

Svarar du riktig blir du med i trekninga om premien for den dagen. Gevinstane er sponsa av lokalt næringsliv.

Ein får éin dag å gjette på per nisse. Til dømes blir nissen for 1. desember avslørt allereie 2. desember - og då kan du ikkje gjette på den nissen lenger. Då kjem det ein ny nisse, med ny tilhøyrande premie.

Lukke til!