Eirik (19) blir Hødd-spelar

Stortalentet kan få debuten sin for Hødd i god tid før møtet med gamleklubben Molde i cupen. Berre formalitetar står no att før Eirik Haugan kan signere.

Eirik Haugan, her frå testimonialkampen for Daniel Berg Hestad i fjor sommar.  Foto: Erik Birkeland/Romsdals Budstikke.

Sport

Vikebladet Vestposten erfarer at ungdoms- og juniorlandslagsspelaren Eirik Haugan blir Hødd-spelar. Dagleg leiar i Hødd, Kari Mette Sundgot, har forhandla fram overgangen, og ifølgje ho er det berre papirarbeid som står att før Haugan blir å sjå i blått og kvitt. Denne overgangen blei først nemnt av Sunnmørsposten, som fekk den bekrefta av trenar Sindre Eid.

- Han kjem frå ein utanlandsk klubb no, og sidan han er arbeidsledig fotballspelar kan vi søkje dispensasjon for å ta han inn, sjølv om vi no er utanfor overgangsvindauget. Ein kan aldri garantere heilt sikkert at slikt som dette går i orden, men vi har heilt klart ein intensjon om å signere Eirik, seier Sundgot til Vikebladet Vestposten.

Gamleklubben meiner han bør spele fast

Haugan var det store midtstoppartalentet som Molde tok opp i A-stallen og gav proffkontrakt. Haugan signerte så ein treårskontrakt med franske Olympique de Marseille i august 2015. Den kontrakten blei avslutta 1,5 år før tida. Han hadde gjort ein avtale med Marseille om at kontrakten skulle bli terminert om han ikkje fann seg ein ny klubb før 1. april i år.

Sidan har han vore på prøvespel fleire stader, seinast i AaFK. Han fekk ikkje kontraktstilbod der, men Hødd skal ha sett noko i han. Heller ikkje Molde hadde ønskje om å signere spelaren, og grunnen til avslaget frå gamleklubben var at Haugan burde spele fast i sin neste klubb. (Ekstern lenkje). Difor ser valet til Haugan no etter alle solemerker ut til å bli Hødd.

Difor jobbar klubben no intenst med å få avtalen i hamn. Haugan kan bli klar allereie til Hødd 2 sin kamp mot Hareid førstkomande tysdag.