Det er lenge sidan siste lokaloppgjer mellom Hareid og Hødd 2. Sist laga møttest var tilbake i 2012, og då vann Hødd 2 heile 7-0 borte. Så lett vart det ikkje på fotballens festdag, for heimelaget var lenge både på høgde med og betre enn sine blåkvite motstandarar.

Såg ein på laga før kampstart skulle ein tru at dette kunne gå mot ein enkel siger for Hødd 2. Laget stilte med heile åtte spelarar frå A-troppen i startellevaren, og sjølv om Preben Sætre var klart eldst av dei som tok turen over Eidet, stilte Hødd eit lag som burde dominere mot dei fleste lag i 4.-divisjon.

Tidleg leiing

Slik gjekk det ikkje. Vel hadde bortelaget eit lite initiativ dei første minutta, men etter ti minutt sende Ruben-Kenneth Brandal sjokkbølgjer gjennom både spelarar og dei mange tilreisande blåkvite på tribuneplass. Brandal fekk ballen i farleg posisjon og sende i veg eit skot som Ole Monrad Alme ikkje fekk tak på, og Hareid tok ei tidleg leiing på Hareidsmyrane.

Med ein så sterk angrepstrio som Beite, Mbedule og Rahhaoui skulle ein tru at Hødd 2 ville ta tak i kampen etter å ha kome under, men i staden var det heimelaget som heldt fram med å skape dei største sjansane. Lars Roar Holstad burde ha sett inn 2-0. Ruben-Kenneth Brandal hadde fleire skotmoglegheiter frå svært lovande posisjonar og Martinus Røyset var heller ikkje ufarleg på topp, men ballen ville ikkje i mål.

Hødd 2 hadde også sjansar, og Badr Rahhaoui burde ha utlikna då han og Sondre Beite kom åleine med keeper, men angriparen fekk ikkje avslutta. Amani Mbedule hadde også eit par halvsjansar, men det var stort sett alltid ein Hareid-fot i vegen.

Det såg ut til at heimelaget skulle gå til pause med ei svært fortent leiing, som fort kunne ha vore eitt eller to mål større, men berre minuttet før kvilen klarte ikkje Hareid å få klarert ballen frå eigen 16-meter. Preben Sætre tok over ballen og sende i veg eit skot som vart redda av Sigve Overå Hide, men som keeperen ikkje klarte å halde og på returen dukka Amani Mbedule opp og fekk pirka inn utlikninga.

Baklengsmålet var akkurat det Hareid burde ha unngått like før pause, og lufta gjekk nok litt ut av ballongen når ein ikkje klarte å halde på leiinga inn til pause.

Hødd snur

Hødd 2 gjorde grep i pausen og sette inn Sveinung Tilseth Sæterås og Aleksander Rekdal for Martin Mork Breivik og Badr Rahhaoui. Bortelaget tok også mest tak i kampen etter restarten, og Eirik Franke Saunes sende i veg eit skremmeskot etter få minutt, men treffet var ikkje godt og ballen fauk over mål.

Ikkje mange minutta ut i omgangen var det mange av Hareid-supporterane bak trenarbenkane som ropte på straffe etter at Runar Stranden gjekk ned i Hødd sin 16-meter, men dommar Tronstad vinka spelet vidare.

Om lag 20 minutt ut i omgangen tok bortelaget leiinga. Igjen var ikkje Hareid kontante nok i eige felt, og igjen enda ballen hos Preben Sætre. Denne gongen slo han inn framom mål, der Eirik Franke Saunes hadde løpt seg fri og kunne sette inn Hødd sitt andre mål for kvelden.

Etter ein jamspelt første halvdel av omgangen var Hareid farleg frampå ved Martinus Røyset Bakken like før det var spelt 70 minutt. Hareid-angriparen kom fram i god posisjon, men lobben forsvann forbi lengste stolpen. Ikkje lenge etter var Runar Stranden på farta, men heller ikkje han klarte å overliste Ole-Monrad Alme i Hødd-målet.

Hødd hadde også sine sjansar, og nærmast var Sveinung Sæterås berre fire minutt før full tid. Men, keeper Sigve Overå Hide fekk dytta ballen ut, så vidt det var.

Det enda til slutt 2-1 i favør gjestane på Hareidsmyrane.

- Speler ein veldig solid kamp

Etter kampslutt var det ein smilande nøgd Hareid-trenar som konstaterte at karane hadde lagt ned ein stor innsats mot eit på papiret svært sterkt Hødd 2-lag. Eit Hødd-lag med fleire innslag frå A-stallen.

- Vi speler ein veldig god første omgang, og ein solid kamp sett under eitt, seier Kenneth Moldskred.

Som også var godt nøgd med sjansane Hareid skapte mot Hødd. For det var ikkje reint få. Underteikna talde til saman 10 sjansar for Hareid, mot 7 for Hødd.

- Vi skapte mykje i dag, og det er veldig godt å sjå. Så er vi litt uheldige når vi får eit mål imot og ikkje kan gå til pause der vi er i leiinga, seier Moldskred.

Etter ein solid første halvdel av kampen vart det litt tyngre for Hareid i andre, vedgår Moldskred.

- Der vi var betre første førtifem hadde Hødd litt meir ball etter sidebytet.

Flott ramme

Rundt rekna 300 tilskodarar frå begge leirar hadde funne vegen til Hareidsmyrane, og heimelaget hadde laga til ei solid ramme rundt oppgjeret. Det hadde også innverknad på spelarane, meiner Hareid-trenaren.

- Dette var definitivt eit godt eksempel på eit skikkeleg lokaloppgjer, med ei flott ramme kring kampen. Når Hødd då i tillegg føler dei må ro i land ein knipen siger mot oss, så er det både surt, og samstundes eit kompliment, seier Moldskred.

Hødd 2-trenar Einar Magne Skeide var mektig imponert over prestasjonen til Hareid.

- Dette blei raskt ein veldig vanskeleg kamp, då Hareid scora tidleg. Eit nydeleg mål frå Ruben Kenneth (Brandal) som tok oss litt på senga. Vi blei jagande og stressa, og fekk ikkje heilt flyten. Men, vi kom oss til hektene igjen utover i kampen, og vinn til slutt fortent, meiner eg, seier Skeide.

Skeide var sjølvkritisk på vegne av eige lag etter ein slett første omgang, og meiner karane i kvitt og blått gjorde ein god innsats for å snu situasjonen.

- Hareid skal ha all ære for innsatsen. Dette var på ingen måte tre enkle poeng for oss, seier Skeide.

Spesielt møte

Ikkje berre var oppgjeret mellom Hareid og Hødd 2 eit klassisk lokaloppgjer, det var også fleire oppgjer i oppgjeret. Til dømes mellom far og son Skeide. Einar Magne som trenar for Hødd og sonen Torgeir som kaptein for Hareid. I tillegg er det ikkje meir enn eitt år sidan Einar Magne tok turen tilbake til Høddvoll etter å ha avslutta trenargjerninga si for Hareid.

- Det vart på mange måtar spesielt dette, og du kan seie eg hadde blanda kjensler. Det var eit spesielt møte. Eg kjenner dei fleste av desse karane godt, både som trenar og som lærar, seier Skeide.

- Det blei litt lettare når vi vann. Hadde vi ikkje vunne hadde det nok vore litt verre, seier Skeide og flirer.

Hareid - Hødd2 1 - 2 (1-1)

Hareidsmyrane, ca 300 tilskodarar

Dommar: Haakon Javier Tronstad, Valder IL

Mål: 1-0 Ruben-Kenneth Brandal, 1-1 Amani Mbedule, 1-2 Eirik Franke Saunes

Hareid: Sigve Overå Hide – Gustav Bjørlykke Kløvning, Håvard Mork Breivik, Eiliv-Tore Howlid, Sondre Hasund – Runar Stranden (Fredrik Andresen 81), Ruben-Kenneth Brandal, Torgeir Skeide, Nikolay Sundgot (Henrik Holstad 88) – Martinus Røyset Bakken (Zakarie Abdi Ushey 85), Lars Roar Holstad (Håvard Øvrelid 54)

Hødd 2: Ole Monrad Alme - Isak Haanes, Andreas Breimyr, Martin Mork Breivik (Aleksander Rekdal 46), Preben Sætre - Elias Flø, Eirik Franke Saunes, Håkon Botn Brautaset - Sondre Beite (Gustav Dimmen 70), Badr Rahhaoui (Sveinung Tilseth Sæterås 46), Amani Mbedule