Hødd har fått ein tøff start på årets sesong, og i førre kamp gjekk det unge Hødd 2-laget på ein kjempesmell borte mot Ullern. Med eitt einaste poeng på dei fire fyrste kampane var dagens kamp mot "Loket" særs viktig for å halde kontakt med laga over dei blåkvite på tabellen.Også mot laurdagens gjestande lag fekk Hødd 2 ein verst tenkeleg start. Etter eitt minutt vann gjestane ballen på si høgreside, spelte seg rundt på kanten og la inn på bakarste stolpe. Der venta tidlegare Hødd-spelar Espen Standal heilt åleine, og spissen fekk ei enkel oppgåve med å sende "Loket" i føringa.Nydeleg spelBerre nokre minutt seinare tok Isak Haanes imot ein lang ball like utanfor "Loket" sin sekstenmeter. Haanes spelte ballen vidare til Djupvik som la ein smart markkrypar inn framfor mål. Frå fem meter sette Magnus Myklebust ballen forbi Loket-keeperen og sørga for balanse i rekneskapen.Berre nokre minutt seinare varta vertane opp med meir finspel og ein ny stor sjanse. Keeperen redda avslutninga til Sindre Kleiven, men offside-plasserte Bam Hide sette returen i mål. Hødd 2 var det førande laget i kampen, og før dommaren signaliserte for pause, kunne heimelaget ha scora både to og tre, med litt meir hell. Sveinung Tilseth hadde den største sjansen etter halvtimen var spelt. Midtbanespelaren stanga Hide sitt hjørnespark i tverrliggaren og ned på streken. Hødd var berre nokre centimeter frå å gå til pause på stillinga 2-1.Stillingskrig

Andre omgang var langt frå like underhaldande som dei fyrste førtifem minutta. Framleis var det Hødd som hadde eit like overtak i kampen, men solsteiken såg ut til å prege fleire av spelarane på begge lag. Det var ein nesten-omgang for vertane, som igjen hadde fleire gode angrep, men mangla den siste ringen på kransekaka.

Med berre tre minutt igjen av ordinær tid fekk gjestane eit frispark på rundt 30 meter. Dei flytta opp mange spelarar og var først på ballen heile tre gangar før ballen endeleg gjekk i nettet. Først i stanga, så ei god redning av keeper Joakim Ulstein, før Eirik Bie til slutt sende gjestane til himmels. Hødd 2 pressa på for ei sein scoring, men Lokomotiv Oslo tok godt vare på leiinga og kunne til slutt ta med seg alle tre poenga heim til hovudstaden.

- Har kontroll på kampen

Trenar Jesper Törnqvist meiner Hødd hadde fortent meir mot Lokomotiv Oslo.

- Vi er veldig nøgde med prestasjonen i fyrste omgang, med unntak av dei fyrste minutta. Vi har kontroll på kampen, men skaper kanskje litt lite framfor mål. Eg synest vi hadde fortent i alle fall eit mål til, og då kanskje tatt eit eller tre poeng også, seier Törnqvist.

Kampfakta

Norsk Tipping-ligaen avdeling 1 (3. divisjon)

Hødd 2 - Lokomotiv Oslo 1-2 (1-1)

Høddvoll

Tilskodarar: 170

Dommar: Torgeir Halsen, Vanylven FK

Gule kort: Bam Hide, Elias Flø (Hødd)

Mål: 0-1 Espen Standal (1), 1-1 Magnus Myklebust (9), 1-2 Eirik Bie (86)

Hødd: Joakim Ulstein - William Fjørtoft, Elias Martin Flø, Peter Saunes Hasund, Sander Djupvik - Sveinung Tilseth Sætherås, Sindre Ryttvad Kleiven (D. Haanes, 79), Magnus Myklebust, Bam Hide - Badr Rahhaoui (Myklebust, 87), Isak Skare HaanesInnbyte: Isak Moen Endal, Ola Heltne Nilsen, Bastian Myklebust Rasmussen, Petter Haddal Worren, Daniel Skare Haanes