- Det blei lite spel og mykje kriging. Så eigentleg er det vel ok med uavgjort, seier Naglestad.

Han skåra sitt andre seriemål for Hødd, då han kom åleine med EIK-keeperen.

- Eg er veldig fornøgd med målet, sjølvsagt, men eg skulle gjerne ha skåra fleire. Eg hadde ein stor sjanse også i andre omgang, seier han.

Tre kampar på seks dagar

Hødd-laget har hatt eit tett kampprogram den siste veka: sist søndag var det seriekamp mot Vålerenga 2, torsdag cupkamp mot Kristiansund BK og i dag, søndag, seriekamp mot EIK.

- Om det har vore ei hard veke? Tja, tre kampar på seks dagar, det er det sikkert ein del på laget som merkar i beina. Men eg synest vi har brukt troppen på ein fornuftig måte, seier Markus Kvame Naglestad.

Godt samhald

Hødd sin sisteskanse, keeper Ole Monrad Alme, er glad for at det ikkje vart tap i Egersund.

- Vi taper heldigvis ikkje, det er det viktigaste, men det er surt å tape to poeng. Vi manglar litt den siste finishen, meiner han.

Har det vore ei tøff veke?

- Det har vel gått greit. Vi har eit veldig godt samhald i gruppa, vi pushar kvarandre og ser framover til neste kamp.

Kva synest du om eigen innsats mot Egersund?

- Eg veit ikkje heilt. Eg skal sjå opptaket av kampen, sjå situasjonane der eg veit at eg var involvert og burde ha gjort ting annleis, seier Ole Monrad Alme.

Vil du, som Alme, sjå opptaket frå Egersunds Idrettsklubb- Hødd? Du finn kampen her: