1992 var første sesongen Hødd stilte seniorlag i fotball for kvinner. Dermed var det også duka for det første møtet nokon gong mellom Hareid og Hødd, som begge spelte i 4.-divisjon den sesongen.

Medan Hødd var ferske i «gamet» hadde Hareid hatt lag heilt sidan 1979 og i 1989 var Hareid-damene heilt oppe på nest-øvste nivå i norsk fotball.

Då laga møttest i 1992 hadde Hareid hatt eit par tunge sesongar, mellom anna etter å ha mista viktige spelarar som dagens trenar Anita Waage. Ho gjekk til Spjelkavik saman med Eli-Anne Vattøy før 1990-sesongen.

Det var likevel Hareid som gjekk sigrande ut av den første duellen med «debutantane» frå Ulsteinvik. På Hareid stadion sørga scoringar frå Susanne Tøssvik, Lise-Berit Holm og eit sjølvmål for 3–1 og tomålssiger. Solveig Saunes utlikna for Hødd, like før Hareid sine to siste mål.

Dette var faktisk Hareid sine første poeng denne sesongen og tre av berre fire poeng laget tok totalt.

Det var også Hødd som tok alle poenga då laga møttest til sesongens andre møte. På Høddvoll sørga Peggy Sulebakk og Gunn Naustenget for at det stod 1–1 ved pause, før Oline Botnen sikra Hødd poenga med si scoring kvarteret før slutt.

Laga møttest også i 1993, også då med ein siger til Hareid og ein til Hødd, men dette var siste gongen naboane møttest til serieduell.

Etter den første kampen mellom laga i 1992 skreiv Vikebladet Vestposten: «Medan Hareid sitt problem er rekrutteringa, kan Hødd-damefotballen sjå lyst på åra framover. Dei unge spelarane kan berre bli betre. Og då ligg det nært å tru at Hødd også blir best i denne sektoren av fotball-landskapet».

Slik har det også gått, og etter nokre lovande år for Hareid i 96 og 97 var det ikkje seniorlag for kvinner på Hareid frå 1999 til godt ut på 2000-talet.

På andre sida av Eidet har Hødd spelt 2.-divisjon heilt frå 2007 til laget rykte ned til 3.-divisjon etter 2016-sesongen.

I 2017 stilte Hareid 11ar-lag igjen, no under leiing av Anita Waage og etter ein god sesong i 4.-divisjon sikra Hareid KM-tittelen framom Hødd sitt rekruttlag. Hareid spelte også mot Hødd 2 i 4.-divisjon i både 2013 og 2014.

Denne sesongen er både Hareid og Hødd på plass i 3.-divisjon på Sunnmøre, og på fotballens festdag blir det ein skikkeleg naboduell på Høddvoll.

Før kampen er det Hareid som har plukka mest poeng så langt, med sigrar over Blindheim/Fortuna og Brattvåg i sine to siste kampar. I serieopninga blei det tap for HaNo.

Hødd har endå ikkje tapt denne sesongen, men er likevel poenget bak Hareid etter tre kampar. Hødd har spelt uavgjort mot både FK Sykkylven og Herd 2 i sine to første kampar, før det endeleg blei siger då laget møtte Volda.

nye duellar: Onsdag møtest Hødd og Hareid til nytt lokaloppgjer, 26 år etter at laga møttest for første gong. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll