Anita Waage tok over som trenar for Hareid-damene før 2017-sesongen. Då var det i utgangspunktet planlagt 7ar-lag på Hareid, men laget enda opp med å stille som 9ar-lag i 4.-divisjon.

– Så var vi eit 9ar-lag i ein kamp før vi fann ut at vi ville prøve å fullføre sesongen som 11ar-lag, fortel Waage.

Og det gjekk svært bra. Hareid enda til slutt opp med KM-tittelen etter det som lenge var ein tett kamp mot Hødd sine rekruttjenter.

Denne sesongen spelar Hareid difor i 3.-divisjon, og laget har fått ein bra start på sesongen sjølv om det blei tap for HaNo i serieopninga. I dei to siste kampane har det blitt siger over både Brattvåg og Blindheim/Fortuna.

– Dei laga vi har spelt mot så langt er jo også lag som vi trudde vi kunne hamle opp med. Eigentleg burde vi hatt poeng i den første kampen også. Det er slike lag vi må slå dersom vi skal overleve, og det er det som er målet, at vi skal stå i divisjonen, fortel Waage.

Ho legg også til at Hareid-laget har vist fin utvikling og at ho er fornøgd med det laget har vist så langt.

Hødd har betre utgangspunkt

Truleg blir det sesongens tøffaste oppgåve så langt borte mot Hødd onsdag. Anita Waage meiner heimelaget må få eit solid favorittstempel.

– Ja, dei er favorittar. Dei har ganske mykje fleire spelarar enn oss og har spelarar som har spelt på høgare nivå. Samstundes har vi også spelarar med litt rutine, men totalt sett har dei eit betre utgangspunkt enn oss, mellom anna fordi dei har fleire å ta av, seier Waage.

I tillegg er Hareid eit ”ferskt” lag, som etter ein del sesongar med sjuar- eller niarfotball no spelar med 11 spelarar på full bane.

– Det har vore ei bratt utviklingskurve. Vi skulle vere eit sjuarlag, som blei eit niarlag og som etter ein kamp blei eit ellevarlag. Vi har spelarar som før i fjor aldri hadde spelt med offside, men som har tatt det med eit smil og takla det. Det viser at det er eit lag det bur mykje i. Vi har klart å drage kvarandre i rett retning, fortel Waage.

Hareid har mista nokre sentrale spelarar frå fjorårssesongen. Caroline Overvåg er denne sesongen tilbake i Hødd etter eit år på Hareid. Ho møter truleg sine gamle lagvenninner til dyst i kveld. I tillegg har både Ella Karin Haugen og Natalie Seljeseth Birkhol flytta og er utilgjengelege.

– Det er tre gode spelarar, men så har vi andre som har vist seg fram og vi disponerer litt annleis, fortel Hareid-trenaren.

Kjekt med lokaloppgjer

Etter den gode prestasjonen frå Hareid-damene i 2017 er det no endeleg duka for eit skikkeleg nabooppgjer. Hødd har også mobilisert for å skape ein skikkeleg fotballfest på Høddvoll 16. mai og arrangerer også ein fotballskule før kampen mellom Hareid og Hødd.

– At Hødd lagar eit så bra opplegg rundt kampen er vel på sin plass sidan dei er ein toppklubb, men det er også veldig bra og eg synest det er kjekt at vi no kan ha to seniorlag for kvinner på Hareidlandet. Det viser at det er vekst i damefotballen. Det er også veldig viktig at ein har seniorlag, at vi klarar å få med damene i 20-åra som har spelt tidlegare. At dei kan få familie, men likevel vere med i fotballen. Personleg synest eg mange debuterer for tidleg på seniornivå og så sluttar dei når dei er 20–22 år gamle. Det er jo då senioralderen eigentleg startar. Det handlar om å få fleire til å få ei lenger karriere i fotballen, også i breiddefotballen, seier Waage.

Kampstart på Høddvoll er 18:30

Anita Waage er trenar for Hareid-damene. Onsdag møter dei Hødd til 16. maikamp på Høddvoll. Foto: Linda Eikrem