Hødd såg ut til å gå mot ein fortent siger over Vidar på Høddvoll søndag, men minuttet før full tid gjekk det gale på defensiv dødball. Dermed enda det med poengdeling og både skuffelse og sinne i Hødd-leiren etter kampslutt.

– Det er veldig, veldig, veldig surt! slår Joakim Wrele fast etter 1–1 mot Vidar.

Ingen av laga skapte særleg før pause, men i den andre omgangen skapte Hødd meir enn nok til at det burde blitt ein komfortabel siger.

– Vi kan styre så mykje som vi vil, og det kan sjå så bra ut som råd, men dersom vi ikkje scorar mål så vinn vi heller ikkje fotballkampar. Det er så enkelt. Det må vi også kunne ta kritikk for som lag for vi er forferdeleg dårlege framom mål. Denne kampen kunne vi ha vunne 4-0, men vi gjer ikkje det og då er ikkje vi betre enn 1-1, seier ein svært skuffa Wrele.

– Elendig

Til slutt gjekk det som det måtte etter sjansesløseriet til Hødd. Vidar utlikna på sin einaste sjanse i den andre omgangen, og ein av svært få dei skapte totalt.

– Det er eit unødvendig frispark og elendig forsvarsspel! Vi er ufokuserte og slepper mannen vår. Når det er 88. minuttet i kampen så må vi kjempe for livet for å få vekk den ballen, men i staden får dei score altfor enkelt, meiner Wrele.

Heime på Høddvoll har Hødd berre vunne ein av tre kampar i serien så langt denne sesongen. I alle tre heimekampane har Hødd sløst med sjansane og mot Vidar kasta laget vekk to nye poeng.

– Vi skapar og bommar på store sjansar. Sjølvsagt gjer ikkje spelarane det med vilje, men vi må vere så tøffe at vi seier at dette ikkje er godt nok. Dette er tre poeng om vi scorar på nokre av dei veldig gode moglegheitene vi har.

Ikkje godt nok

Heldigvis for Hødd har alle laga i avdelinga gitt vekk poeng i starten på sesongen, men dersom Hødd vil vere med i kampen om opprykk kan dei ikkje halde fram på same måten.

– Vi kjem aldri til å rykke opp til Obosligaen dersom vi held fram på denne måten. Så enkelt er det. Å spele 1–1 heime mot Vidar er ikkje godt nok dersom ein vil rykke opp, seier Wrele.

Han synest Hødd hadde for lågt tempo i spelet frå start av søndag og at laget ikkje såg ut til å vere skikkeleg påskrudde.

– I den andre omgangen tek vi meir tak i det og styrte kampen. Ein kan alltid finne feil ved spelet, men vi skapte mange, store sjansar og då handlar det om effektiviteten. Det sa vi også etter Vard Haugesund-kampen og vi har sagt det fleire gongar, så får vi sjå kor lenge vi skal halde fram på denne måten. Vi viser at vi kan skape sjansane, men det er ikkje første gongen vi ikkje klarar å utnytte dei. Det er tøft å stå her etter endå ein kamp og sjå at det berre skal ei scoring til for at vi vinn. Vi har ikkje stolpe inn akkurat no, men det einaste vi kan gjere er å jobbe steinhardt vidare. Vi er eit godt fotball-lag, spelar bra fotball og styrer kampane, men vi må score mål, seier Wrele til slutt.

To tapte poeng

Eirik Haugan var også svært skuffa etter 1–1 mot Vidar.

– Det kjennest ut som om vi har tapt 6–0. Det er to poeng tapt, ikkje eitt poeng som er vunne, seier Haugan.

– Vi burde hatt 3–0 kort tid etter pause. Det er ein kamp vi burde ha vunne med minst eit par mål. Vi har tapt fire poeng her heime på å vere lite effektive. Kanskje kunne vi også ha fått med oss poeng mot ”Kåffa” om vi sette sjansane våre. Det er noko vi må snu med ein gong, men kanskje er det slik at når vi først får det til så vil måla renne inn, seier stopparen.

Haugan og dei to andre stopparane hadde stort sett bra kontroll på det Vidar hadde å by på offensivt, men like før slutt var Haugan involvert då bortelaget fekk eit unødvendig frispark i god innleggsposisjon. Frisparket var bra slått, men den defensive innsatsen til Hødd i eigen 16-meter var ikkje mykje å skryte av.

– Det er teljefeil, vi følgjer ikkje mannen vår og då får dei sette ballen enkelt i mål. Det kjennest jævlig surt, seier Haugan.