Trenar Sander Håskjold Nyland var ikkje hundre prosent nøgd etter kampen mot Stryn, sjølv om den målrike kampen til slutt enda 4-7 i Hødd sin favør.

Det var mykje Hødd kunne vore betre på, spesielt i første omgang.

- Vi var ikkje i nærleiken av å levere opp mot vårt beste dei første førtifem. Det blei ein jamn omgang, der det rett og slett var liten grad av kontroll hos begge lag. Difor blei spelet mykje fram og tilbake, seier Nyland.

Stryn starta med eit tilbakespel til keeper som i staden gjekk i mål. Eit sjølvmål som førte til Hødd si fyrste nettkjenning i denne kampen altså. Elias Flø og Bam Hide scora Hødd sine andre to mål denne omgangen, og til pause stod det 3-3 på måltavla.

- Eg vil seie at 3-3 var eit heilt greit resultat til pause, om ein ser på spelet. Vi var det førande laget, men utifrå korleis laga gjorde det framfor mål, meiner eg det var eit greit pauseresultat, seier Nyland.

God periode siste halvtimen - snudde kampen

Over i andre omgang makta Stryn å setje ballen i mål til 4-3 nok så kjapt etter at spelet var sett i gong igjen.

- Det var ein dårleg start, men så tok vi oss kraftig saman, fortel trenar Sander Håskjold Nyland og legg til:

- Den siste halvtimen var vi desidert best, og køyrde verkeleg over dei med godt angrepsspel og gode kombinasjonar. Vi skapte mange flotte målsjansar og scora flotte mål. Gutta skal verkeleg ha skryt for måten dei heva seg på i andre omgang.

Som samstundes er litt uroa med tanke på tredje runde i cupen, dersom laget ikkje hevar seg betrakteleg til neste cupkamp.

- Skal vi slå større lag, som Rosenborg og Molde, må vi vere ei betre utgåve av oss sjølve enn den vi viste mot Stryn i dag, seier Nyland.

Tredje runde i G19-cupen skal spelast innan 16. august, og i mellomtida er det fleire seriekampar som ventar for rekruttane.

- Det viktigaste var at vi gjekk vidare i dag. Det var kjekt å spele mot Stryn, som nok var litt "underdogs" i denne kampen, men vi gav dei litt for mange sjansar. Vi må opp med nivået til vi møter neste cupmotstandar, seier han avslutningsvis.

Kampfakta

Telenor Cup NM G19

Stryn - Hødd 4-7 (3-3)

Stryn kunstgrasbane

Dommar: Markus Bakke Nybø, Eid IL

Mål: 0-1 SM, 1-1, 1-2 Elias Martin Flø, 1-3 Bam Hide, 2-3, 3-3, 4-3, 4-4 Gustav Brandal Dimmen, 4-5 Peter Saunes Hasund, 4-6 Saunes Hasund, 4-7 Brandal Dimmen

(Tidspunkt kjem)

Hødd (4-4-2): Isak Endal - Ola Heltne Nilsen, Petter Haddal Worren, Elias Martin Flø, William Fjørtoft - Tobias Hatløy, Isak Skotheim, Sander Djupvik, Bastian Myklebust Rasmussen - Bam Hide, Peter Saunes Hasund

Innbyte: Joakim Goksøyr Ulstein, Håkon Grimstad Thormodsæter, Sondre Muren Gjerdsbakk, Kristian Vatsaas, Gustav Brandal Dimmen, Johannes Sundgot, Sindre Ryttvad Kleiven