Tekst og foto: Sondre Åkervik

Mauritania-fødde Samba Abderrahma har blitt Karsten Warholm sin nye nemesis, etter  at Kerron Clement blei detronisert i fjor. Duellen mellom dei jamnaldringane er kjenneteikna av to ulike strategiar: Der Karsten susar ut av blokkane i full fart, sparer Samba kruttet til innspurten. Det har han gjort med stor suksess denne sesongen.

Men Karsten endrar ikkje strategi fram mot løpet i Stockholm neste helg. – Løpet er bra det. Eg gjorde mykje rett. Farta er styrka mi, og den må eg berre utnytte enno meir. At eg blir sliten mot slutten får så vere. Å bli nummer to i dag gir meg mykje, seier Karsten inne i pressesona. Under løpet hadde han støtte frå eit titals dimnatilreisande.  – Det er fantastisk å ha støtte frå dei. Det betyr enormt mykje. Det er dei eg spring for, fortel Karsten, som lovar hardt arbeid gjennom heile sommaren.– Blir det ein tur heim til havgapet i sommar?– Eg må gjere det som er best for programplanen, meg eg skal prøve å få til ein liten tur. Trenaren min har full kontroll på det der, seier Karsten, medan han tar med seg løpeskoa i hendene og trår ut av pressesona, vekk frå alle kameralinsene, og inn i garderoba.