Etter ein lang kveld i Bodø onsdag har Hødd berre nokre få dagar på å finne tilbake til overskotet før den svært viktige bortekampen mot serieleiar Skeid.

– Vi gjer ein god figur der oppe, spelar ein knallkamp og står på. Det blir ein kjip slutt på kvelden, men vi skal bruke den kampen til noko positivt, til å motivere oss. No gjeld det å vere profesjonelle og bruke tapet der oppe som motivasjon før søndagen, for det er kampen mot Skeid som er den viktigaste, fortel Daniel Eid.

Skeid har ikkje tapt i 2.-divisjon denne sesongen, og for eit Hødd lag som har 120 minutt i beina frå midtveka, er det liten tvil om at det er ei tøff oppgåve som ventar for dei blåkvite.

– Det var nokre av spelarane som sprang opp mot to mil i løpet av kampen på onsdag. Det seier seg sjølv at vi var slitne, både fysisk og mentalt, men det handlar om profesjonalitet, om å ete rett, sove nok og gjere dei rette tinga mellom treningane og kampen, så skal det gå bra, trur Eid.

Kampen mot Bodø/Glimt viste at Hødd har eit høgt toppnivå inne. Tidlegare har det også blitt siger mot både Florø og KBK i cupen, og det tyder på at Hødd også bør kunne takle eit høgare nivå enn 2.-divisjon.

– Heilt klart! Vi scorar fire mål på to kampar mot Eliteseriemotstand og vi ser at nivåforskjellen ikkje er så stor. Vi har eit godt lag, som kan bite godt frå oss både i 2.-divisjon og 1.-divisjon, og som også kan hamle opp med lag frå Eliteserien. Det har byrja å likne på noko veldig bra, seier Eid.

Han forventar at Hødd får ei knalltøff utfordring søndag. Det er ikkje så rart, sidan Skeid har fire strake sigrar heime og solide 13–0 i målforskjell på heimebane.

– Det blir ein kamp der vi nok ein gong berre må springe oss heilt tomme. No er det snart ferie og vi må berre ”peise” på og ta oss heilt ut. Vi har to kampar igjen før sommarpausen og målet er at vi skal vinne begge to, fortel Daniel Eid.