Allereie etter fem minutt opna AaFK 2 målkontoen, ved Pape Habib Gueye.

Sondre Brunstad Fet ville gjere det tøffare for Hareid etter 12 minutt, og banka inn 2-0. Så kom det fleire mål frå tangotrøyene, som perler på ei snor. Heimelaget sitt tredje for kvelden sørga Anders Myking Waagan for etter kvarteret. Samme mann venta berre tre minutt med å putte 4-0.

Mange lag hadde nok gitt fullstendig opp på ei slik stilling så tidleg i kampen, men Hareid kjempa på, og reduserte til 4-1 ved Henrik Holstad etter halvtimen spelt.

Diverre skulle AaFK straffe Hareid hardt, og setje inn sitt femte for dagen berre tre minutt seinare, ved Emil Solnørdal. Like etter sette Anders Myking Waagan inn 6-1, før Solnørdal ville ha eit mål til, og sette inn 7-1 etter 38 minutt. Ein skulle kanskje tru at Hareid kunne sleppe fleire baklengs før pausesignalet kom, men etter 43 minutt small det igjen. Pape Habib Gueye var på rett plass til rett tid og hamra inn 8-1.

Tosifra

Det skulle gå frå mørkt til bekmørkt dei siste førtifem minutta. Omgangen var ikkje eldre enn ti minutt før dei oransje og blå sette inn sitt niande for kvelden ved Erlend Nicolai Fjelstad.

Så gjekk det litt tid før Vetle Fiskerstrand sette inn 10-1 etter 78 minutt, og med det tosifra (!) tal mål mot Hareid. Hareid-spelar Bendik Engen lukkast med å redusere for Hareid ti minutt før slutt, før Emil Solnørdal dukka opp ved full tid og sette inn kampens ellevte mål for AaFK 2.

- Ein fortent siger

Hareid-trenar Kenneth Moldskred meiner Hareid møtte eit klart betre lag i denne kampen.

- Heilt klart, det var ein fortent siger. Vi møtte eit solid fjerdedivisjonslag, og vi hadde sjølve ein mindre god dag. Vi kom bakpå raskt og blei delvis paralysert av fartsnivået deira. Vi fekk korrigert oss inn igjen i andre omgang, og det viser seg ved at det var ein jamnare omgang.

- Det mentale spelte ei stor rolle i kveld. Dei er definitivt eit betre lag enn oss, men det blei forsterka ytterlegare med at vi blir usikre, engstelege og passive. Vi er ofte eit betre lag enn det vi viste i dag. Livet går vidare, og vi er ei vond erfaring rikare. Dei viser oss kvar lista ligg, og vi må ta med oss dei gode erfaringane vi gjorde oss. Det kjem fleire kampar, der vi må prestere godt. No gjeld det å sjå mot neste kamo, seier Kenneth Moldskred.

Neste oppgjer for Hareid er heime mot Volda, 29. juni.

Kampfakta

4. divisjon

Aalesund FK 2 - Hareid 11-2 (8-1)

Dommar: Richard Olsen, Åmdal IL

Mål: 1-0 Pape Habib Gueye (5), 2-0 Sondre Brunstad Fet (12), 3-0 Anders Myking Waagan (15), 4-0 Myking Waagan (18), 4-1 Henrik Holstad (30), 5-1 Emil Solnørdal (33), 6-1 Myking Waagan (35), 7-1 Solnørdal (38), 8-1 Pape Habib Gueye (43), 9-1 Erlend Nicolai Fjelstad (55), 10-1 Vetle Fiskerstrand (78), 10-2 Bendik August Engen (80), 11-1 Solnørdal (90)

Hareid: Sigve Overå Hide - Henrik Holstad, Martin Nikolai Longva, Antoni Gardshol, Håvard Knudsen Bjåstad - Ruben Kenneth Brandal, Lars Roar Holstad, Andreas Nesset, Gustav Bjørlykke Kløvning, Bendik August Engen - August Julian Brandal

Innbyte: Vagn Scheide Mork, Tarjei Dimmen Riise, Benjamin Reite, Andreas Skotheim, Kim-André Lid Alvestad