- Vi møtte eit veldig godt Bergsøy-lag. Dei som kjenner godt til Bergsøy meinte laget dei stilte mot oss var det beste dei har stilt så langt i år. Så at vi presterte det vi gjorde, og sikra oss eit poeng, er i grunnen veldig imponerande, seier trenar Øystein Bohinen Muren til Vikebladet Vestposten.

Muren fortel om ein kamp der Hasundgot for det meste hadde god kontroll. Hasundgot fekk ein skikkeleg pangstart i det fjerde speleminuttet, då Thomas Gjerde fekk draumetreff og sette inn 1-0. Elles den første halvtimen skapte heimelaget mykje mot Bergsøy, og hadde sjansen til å gå opp i leiinga ved fleire høve.

- Vi kom fram til store sjansar, og burde nok leia med to-tre mål hadde vi vore effektive nok, seier trenar Muren.

Mot slutten av omgangen straffa diverre Bergsøy sine nest beste Hasundgot på dødball. Eit frispark, som heimelaget meinte ikkje burde vore frispark, blei slått inn, og Sigvald Remøy sette ballen i mål til 1-1.

Nøgd med poengdeling

Over i andre omgang hadde Hasundgot framleis god kontroll, om enn litt meir rufsete.

- Dei hadde medvind i ryggen og slo mykje langt. Dei tok også meir over i midtbanespelet. Men vi hadde også i andre omgang sjansar til å avgjere kampen, seier Øystein Bohinen Muren.

Men det blei med dei to nettsusarane i første omgang.

- Uavgjort var samla sett eit heilt greitt resultat. Vi var nok litt skuffa etter kampen då vi følte vi skulle og burde hatt tre poeng, men det er mest av alt eit godt teikn. Vi møtte som sagt eit svært godt Bergsøy-lag, som hadde med ei 4-5 førstelagsspelarar. Difor skal vi vere godt nøgde med eitt poeng, og at vi kan ta ferie på tabelltoppen, seier Muren.

Som meiner Hasundgot skal vere godt nøgde med første halvdel av sesongen.

- Målet vårt før sesongen var å gjere det best mogleg, og kjempe i toppen. No er vi på topp, og satsar på å køyre på også etter sommarferien.

Hasundgot har sikra seg 14 poeng på sine første seks kampar i år, og har med det ei topoengs luke ned til Vanylven FK på andreplass.

Kampfakta

6. divisjon avdeling 3

Hasundgot - Bergsøy 2 1-1 (1-1)

Hasundgot kunstgras

Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL - Fotball

Gule kort: Sebastian Moldskred Kleven, Thomas Gjerde (Hasundgot)

Mål: 1-0 Thomas Gjerde (4), 1-1 Sigvald Remøy (44)

Hasundgot: Joakim Rødven - Marius Muren, Simon Haddal Spjutøy, Vegard Heltne, Bjørn Inge Tenfjord - Joakim Sundgot Gustavsen, Thomas Gjerde, Nicolai Haddal Molvær, Sebastian Moldskred Kleven - Cato Veien, Ruben Hauge Muren

Innbyte: Kim-Rune Hansen, Ivar André Aadland, Jørgen Skogestad Kleiven, Svein Erik Liaset Ertesvåg, Daniel Muren, Mats Bigset