- Dette var utruleg viktige poeng, og eit flott resultat å ta med seg inn mot sommarferien. Eg meiner vi er strålande første 60 minutta. "Outstanding". Vi burde definitivt leie meir enn 2-0 inn mot pause. Vi var svært effektive i starten, og litt meir ineffektive utover. Klart, vi får ikkje drept kampen, og då dei fekk ei redusering blei vi litt skipla, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Hødd-keeeper Ole-Monrad Alme verka litt forfjamsa der han blei ståande og sjå frisparket frå Fløy-innbytar Henrik André Dahlum gå rett i mål.

- Det er eit skot Ole-Monrad normalt sett skal ta, men slikt kan skje. Dei skaper ingenting før målet, så det er litt leit at det kjem på ein slik situasjon. Men slik er det, og vi skal uansett vere godt nøgde med at vi vinn denne kampen, seier Eid.

Som er veldig godt nøgd med at Hødd har gjennomført ein god vårsesong.

- Vi har berre eitt einaste tap på dei siste 26 serie- og cupkampane våre, og vi viser ein stabilitet. Vi har framleis litt å gå på, mest i forhold til å vinne kampane med klarare margin, så totalt fornøgde er vi ikkje, seier Sindre Eid.

- Godt å score mål

Magnus Myklebust er Hødd sin kanskje største formspelar for tida, og den 32 år gamle veteranen frå Gursken fornekta seg heller ikkje i kampen mot Fløy. Der sette han inn sitt fjerde mål i serien i år, på klart færre kampar enn spisskollegaene sine.

- Eg føler meg pigg for tida, og har gjennomført ein god vårsesong. Klart det er godt å score mål.

Myklebust likar godt samarbeidet med Markus Kvame Naglestad på topp.

- Det er godt å ha dyktige folk rundt seg på bana. Vi speler kvarandre gode, og er eit godt tospann, seier Myklebust.