Representerer Dimna IL på Bislett

Tre utøvarar deltek under Boysen Memorial i Oslo torsdag.
Sport

Torsdag kveld skal Karsten Warholm springe 400 meter hekk under Diamond League-stemnet i Lausanne, men han er ikkje den einaste Dimna-utøvaren som skal i aksjon denne kvelden.


 

På Bislett stadion blir nemleg Boysen Memorial arrangert torsdag kveld og Dimna IL er representert med tre utøvarar.

Jonas André Ose var svært nære å bli tatt ut til U18-EM som går i Györ denne veka, men han skal i staden prøve seg mot nokre av landets beste seniorsprintarar i Oslo. Ose er meldt opp på både 100 meter og 200 meter under Boysen Memorial.

Alice Ulla Berg skal også springe på Bislett og er meldt opp på 400 meter. I helga sprang ho inn til 57,89 under Världsungdomsspelen i Göteborg, og kanskje kan ho nærme seg sin personlege rekord på 56,92 frå 2014?

Dimna IL er også representert i lengdegropa på Bislett. Der skal Anna Garnes Kleven i aksjon. Under VU-spelen leverte ho to hopp på 5,36 og tok dermed kravet til senior-NM.

Boysen Memorial blir sendt direkte