Det var duell mellom to andrelag og botnlag som stod på programmet på Kristiansund stadion søndag. Verst stilt er Hødd 2, som før kampen berre hadde fem poeng etter 12 kampar og dermed for alvor må byrje å plukke poeng dersom dei skal unngå nedrykk denne hausten.

Også KBK 2 er i faresona, men dei har vist bra takter i det siste og har bra kontakt med laga framom seg på tabellen.

Det var også heimelaget som skulle ta føringa i kampen. KBK 2 hadde dei fleste sjansane i den første omgangen, men Jonas Mathiesen leverte nokre gode redningar og heldt nullen til det var spelt 41 minutt. Då gav Ole Christian Hammerfjell Sæter 1-0, som også var resultatet ved pause.

Kort tid etter pause leverte Jonas Mathiesen ei ny god redning, denne gongen på eit frispark, og ikkje lenge etterpå var det Hødd 2 som kunne juble etter at Bam Hide sette inn 1–1.

Mot slutten av kampen fekk Hødd betre tak i oppgjeret. Mellom anna fekk Robin Hjelmeseth ei bra moglegheit til å avgjere til Hødd sin fordel, men avslutninga frå angriparen gjekk rett på keeper.

Det blei dermed poengdeling i Kristiansund. For Hødd 2 sin del skulle det helst ha vore tre, for avstanden opp til KFUM 2 er framleis på fire poeng, og opp til trygg plass er det sju poeng for Hødd-rekruttane.

Deira siste kamp før laget tek sommarpause kjem borte mot Oppsal 15. juli.

KBK II – Hødd II 1 – 1 (1–0)

Kristiansund stadion

Dommar: Bendik Haarberg, Studentspretten IL

Mål: Ole Christian Hammerfjell Sæter (41), 1–1 Bam Hide (51)

Hødd II: Jonas Mathiesen – Elias Flø, Eirik Franke Saunes, Ola Heltne Nilsen – Sindre Kleiven (Håkon Thormodsæter 75), Sander Djupvik, Petter Haddal Worren (Isak Haanes 57), Sveinung Tilseth, Håkon Botn Brautaset (Bastian Rasmussen 90), Bam Hide – Robin Hjelmeseth