Måndag var Hødd-spelarane tilbake på Høddvoll etter ein kort sommarpause. Laget tok ferie på ein tredjeplass i avdelinga, poenget bak serieleiar Skeid.

I toppen av avdelinga er det svært tett, med KFUM Oslo, Hødd og Kjelsås som alle jaktar i hælane på Skeid. Kjelsås er også Hødd sin komande motstandar når dei blåkvite skal prøve å halde fram den gode poengfangsten laget har stått for så langt.

For sjølv om det vart nokre unødvendige uavgjortkampar her og der har Hødd berre tapt ein kamp denne sesongen. Laget er dermed for fullt med i kampen om direkte opprykk.

Trur Hødd blir betre

Hødd-trenar Sindre Eid meiner å sjå at spelarane har gjort den jobben dei skulle i løpet av den korte sommarpausen. Tysdag var han svært godt fornøgd med småbaneøkta spelarane var gjennom på Høddvoll, og trenaren trur grunnlaget til spelarane skal vere bra før den tøffe haustsesongen.

– Vi har også lite skader og Andreas (Breimyr) er på veg tilbake. Det er positivt. Elles handlar det om å bruke kvar einaste dag så godt som mogleg. At vi har gode treningar kvar gong, samt at vi brukar tida mellom treningane godt. Det må vere så optimalt som mogleg. Eg ser ingen grunn til at ikkje vi skal halde fram med å plukke godt med poeng, og eg trur vi kjem til å bli betre og betre utover haustsesongen, fortel Sindre Eid.

Håpar å sjå toppnivået i fleire kampar

Hødd har hatt nokre kampar der det ikkje har stemt skikkeleg for laget, men dei blåkvite har også tidvis vist at dei har eit svært høgt toppnivå. Til dømes slo laget ut både Florø og KBK i cupen, og var nære å slå ut Bodø/Glimt på bortebane.

Der enda det til slutt med tap etter straffesparkkonkurranse, og dermed har Hødd berre den viktigaste turneringa å konsentrere seg om denne hausten.

– 2.-divisjon er sjølvsagt hovudmålet vårt, men vi hadde gjerne tatt ei kvartfinale i cupen også. Vi har eit ungt lag, men eit lag som er i ferd med å vekse seg til å bli eit modent og godt lag. Vi må jobbe hardt kvar dag og eg håpar at vi får endå fleire kampar opp mot toppnivået vårt. Det viktigaste er uansett at vi held fram med å plukke poeng jamt og trutt. Det har vi gjort så langt, men skal ein vere med i toppen så må ein ta poeng heile vegen.

Tett i toppen

Med eitt tap på sine 22 seriekampar er det ingen tvil om at Hødd har blitt eit vanskeleg lag å slå. Samstundes er det ingen av dei fire topplaga i 2.-divisjon avdeling 2 som har meir enn eitt tap, og Skeid har framleis til gode å tape i serien denne sesongen. Det viser at det skal godt gjerast å hamne øvst etter sesongens 26. kamp.

– Det har blitt som vi forventa, men kanskje endå litt jamnare enn vi trudde, før det var fire lag som skilte seg litt ut på slutten. Ein ønskjer topprestasjonar så ofte som mogleg, men det er like viktig å ha stabilt gode prestasjonar, at ein dreg med seg poeng heile vegen. Det er vanskeleg å spele toppkampar kvar helg, det er det ingen som gjer, men det handlar om å ta med seg poeng på gode dagar, middels dagar og gjerne også på dårlege dagar, seier Hødd-trenaren.

At det kjem svakare periodar i løpet av ein lang sesong er heilt naturleg, men dersom Hødd ønskjer å vere med i toppen må dei unngå for mange og for lange slike periodar.

– Før sesongen sa eg at ein kanskje har råd til to-tre tap. Det kan sjå ut til at det stemmer. Målet er å rykke opp, men vi veit at det er vegen dit som er det viktigaste. Vi vil gjerne høyre ”We are the champions” på slutten av året, men skal vi kome dit så må vi gjere ting så grundig og godt som råd på vegen dit, fortel Eid.

Ny keeper og kanskje ein forsvarar?

Hødd-troppen har stort sett levert bra denne sesongen, men ser ein over stallen så er det liten tvil om at breidda er klart større framme i bana enn lenger bak.

– Eg er veldig fornøgd med dei vi har her, alle saman er gode spelarar. Det er likevel ikkje tvil om at no når Jonas (Mathiesen) går ut så må vi ha ny keeper. Vi har to gode, unge keeperar i Joakim Ulstein og Isak Endal, men dei er ikkje heilt klare for dette nivået endå.

Jan-Lennart Urke er framleis uaktuell ei stund til etter brotet han pådrog seg i handleddet i sesongoppkøyringa. Jonas Mathiesen vart henta til Hødd før sesongen, men då berre på ei halvtårskontrakt.

– I tillegg skulle vi svært gjerne fått inn ein forsvarsspelar til. Både slik at vi får auka konkurranse der bak, men også slik at vi har spelarar å sette inn når det kjem skader og karantenar. Så jamt som det kjem til å bli i haust så er det detaljane og marginane som kjem til å avgjere, og då er det viktig at vi er godt rusta, seier Sindre Eid.

Før første seriekampen denne haustsesongen skal Hødd spele ein treningskamp mot Førde. Denne går på Nordfjordeid komande laurdag.

Sindre Eid meiner sesongen så langt har blitt like jamn og tøff som forventa, men trur Hødd kjem til å bli endå betre utover haustsesongen.