Warholm skal springe på Bislett

Onsdag deltek Karsten Warholm under OFIKs løpestemne.

Onsdag stiller Karsten Warholm på 400 meter flatt på eit løpestemne på Bislett.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Ifølgje Norsk Friidrett stiller Karsten Warholm på Bislett onsdag denne veka der Oslo FIK sitt løpstemne blir arrangert.

Under stemnet stiller Warholm på 400 meter utan hekkar. Så langt i år har Warholm levert norsk rekord to gongar på langhekken. Han har også vore under 48 sekund både i Roma, Stockholm og Lausanne.

Det bør dermed ligge an til at Warholm også kan truge sin eigen rekord på 400 meter flatt.

Utandørs har han ein "pers" på 44,87. Innandørs har Warholm levert 45,88 i år.

På Bislett blir det onsdag konkurrert på 100m, 400m, 1500m, 5000m, 100m hekk (KS/KJ) og 110m hekk (MS/MJ).  

Det store målet for Warholm denne sesongen er EM i Berlin. Det startar andre veka i august.