– Vi har gjort ein del brukbare prestasjonar, det er det ikkje tvil om. Toppnivået er bra og sjølv om prestasjonane kan svinge litt frå kamp til kamp, så har det vore temmeleg solid, meiner Hødd sin sportssjef André Nevstad om laget sin vårsesong.

Dei blåkvite er eitt av fire lag som kjempar heilt i toppen av 2.-divisjon avdeling 2, med eitt poeng opp til topplaget Skeid.

Hødd er dermed for alvor på skothald til plassen som gir direkte opprykk.

Godt grunnlag

Onsdag fekk lokalavisa eit innblikk i korleis Hødd tenkjer rundt forsterkingar og spelarlogistikk før haustsesongen. Hovudkonklusjonen er at det neppe blir dei store endringane i A-stallen.

– Ut frå det vi har jobba med gjennom vinteren og våren så ser vi at laget har hatt ei positiv stigning. Laget har sett seg meir, relasjonane er betre og vi opptrer meir som ei eining. Vi har ei bra gruppe, seier Nevstad.

Det er samstundes liten tvil om at det er tøft å henge med i toppen av avdelinga, der berre førsteplassen gir direkte opprykk.

– Vi har lagt eit godt grunnlag for ein kjempehaust og vi er godt fornøgde med den troppen vi har. Samstundes har vi vore relativt skåna for skader, og ein veit at det alltid kjem både karantenar og skader utover i sesongen, men så har vi bra konkurranse i dei fleste posisjonane, seier Nevstad.

På keeperplassen er det likevel noko tynt. Jan-Lennart Urke er framleis ute med skade, og Jonas Mathiesen skal vekk for å studere.

– Vi tenkjer det er viktig å få inn noko der, for det vil vere tøft dersom Ole Monrad Alme skulle gå på ein langtidsskade og der ser vi på alternativ, seier Nevstad.

Samstundes kan Hødd neppe gå ut og bruke mykje pengar på å hente inn ei forsterking på keeperplassen. Etter nedrykket til 2.-divisjon har klubben halde oppe den sportslege satsinga på a-laget, men økonomien er ikkje like god som då laget spelte i Obosligaen. Dette vart understreka onsdag då det vart klart at delar av administrasjonen vert permitterte etter ferien (sjå eiga sak).

Nevstad understrekar også at ein tilgjengelegheit blir eit nøkkelord når Hødd ser etter ein ekstra burvaktar.

– Det må også vere nokon som har eit nivå som gjer at vi kan kjenne oss komfortable med å sette han inn dersom Ole Monrad skulle bli skadd og blir ute ei stund.

Litt framtunge

Sindre Eid kunne i utgangspunktet tenkt seg ein ekstra forsvarsspelar inn i troppen, og det er ikkje tvil om at det er bakarst i banen Hødd har færrast alternativ.

– Vi er litt framtunge, med mange alternativ på spissplass. Det er færre reine stopparar, sjølv om vi har både Daniel Eid og Joakim Wrele som kan gå inn som stopparar. Vi har også unggutar som Elias Flø og Peter Hasund som har spelt der på andrelaget. Peter kan spele både spiss og midtstoppar, men vil helst spele lenger fram i banen og har nokre spesielle ferdigheiter som spiss, seier Nevstad.

Sportssjefen til Hødd er klar på at det neppe blir store endringar i troppen, men han understrekar samstundes at klubben må vere vakne

– Det er jo viktig for oss å få behalde dei spelarane som har bidrege mykje for oss av dei som er her. Samstundes veit ein aldri kva som kan skje når klubben har gjort det bra, og vi har einskildspelarar som har gjort det bra, seier Nevstad.

Nevstad seier det er viktig å vere førebudde på at også Hødd-spelarar kan vere aktuelle for klubbar i Obosligaen eller Eliteserien.

– Det har ikkje vore konkret interesse for nokon av våre spelarar, men i den fasen vi går inn i må vi vere vakne på at ting kan skje. Då må vi også jobbe for å sjå om der er alternative løysingar dersom nokon går ut. Akkurat no ønskjer vi helst å behalde troppen og den stamma som vi har, seier Nevstad.