Hødd2 tapte heile 10-2 borte for Oppsal søndag ettermiddag.

Kampen vart spelt på Trasop kunsgrasbane.

Oppsal skåra sitt første etter tretten minutt, og då det var spelt førti minutt av første omgang, leia dei 4-0.

Elias Martin Flø sørga for eit Høddmål like før pause, etter at Håkon Brautaset slo eit frispark inn framfor mål. Flø sette ballen i hjørnet, og dermed var pausestillinga 4-1.

Etter pause skåra heimelaget seks gongar, før Bam Hide fekk inn eit Hødd-mål i det 89. minutt.

Du kan sjå kampen i opptak her: