Denne gongen blir det ingen Abderrahman Samba eller Kyron McMasters på startstreken saman med Karsten Warholm, men andre storheiter som til dømes Yasmani Copello skal prøve å slå Dimna IL-utøvaren.

400 meter hekk var ikkje sett opp som øving under Diamond League-stemnet i London laurdag, men for å heidre VM-gullvinnar Karsten Warholm blei det sett opp eit ikkje teljande løp under stemnet. Dei største favorittane utanom Karsten stiller ikkje, men dette kan likevel bli duellen der Warholm får testa forma før han skal opp mot til dømes tyrkiske Copello i EM i starten av august.

Etter oppsettet er løpet planlagt til klokka 16.26 laurdag ettermiddag. NRK har sending frå Diamond League i London frå og med klokka 15 laurdag. (Ekstern lenkje).