– Det var ein jamn kamp, men vi tapte 2-0. Skjold hadde ein god keeper som berga dei, for vi hadde mange gode sjansar.

Det er første kampdag i steikande sol på Ekebergsletta i Oslo, og dommaren har akkurat blåse av J19-kampen mellom Hødd og Skjold IL. Kalle, som eigentleg heiter Karl Henrik Strandabø, har stått på sidelinja utan store faktar og utan høglydte rop. Saman med Torbjørn Rekdal og Geir Sundal leiar han J19-laget under årets Norway Cup-turnering.

– Dette laget kom til semifinalen i fjor, og mange av spelarane er med i år også, seier Strandabø, som ikkje har tal på kor mange år han har leia Hødd-lag under Norway Cup.

– Nei, eg har kome ut av teljinga, men eg vil tru at det har bikka 25 år i alle fall, seier han, som var den første som tok med eit Hødd-lag til Norway Cup.

– Måtte få matching

Det har gått nesten fire tiår sidan første gong Strandabø reiste til verdas største fotballturnering med eit aldersbestemt fotballag.

Året er 1981. Kalle Strandabø har engasjert seg som trenar for gutelaget til Hødd. Laget vert krinsmeistrar år etter år og Strandabø meiner det er på tide å møte andre motstandarar.

– Vi hadde mange gode og lovande gutespelarar. Eg meinte dei måtte få måle krefter mot andre lag enn dei som var på Sunnmøre. Difor meinte eg at Norway Cup ville vere ein bra arena.

Men du fekk lite støtte i klubben?

– Ja, det var få i Hødd-systemet som meinte det var ein god idé å reise til Oslo med ein flokk gutungar. Men heldigvis var det nokre som støtta meg, så det enda med at vi reiste.

Få vaksne med

Kalle Strandabø hadde med seg éin vaksen til den gongen i 1981: Øyvind Solheim, far til Oddbjørn, ein av spelarane, køyrde bussen.

– Vi budde på ein skule i Groruddalen og på den tida var det ikkje mat på skulane. Øyvind hadde aldri køyrt i Oslo, så vi valde å reise kollektivt til og frå Ekebergsletta, der måltida var. Det tok 45 minutt kvar veg, fortel Strandabø, som meiner det er bra at foreldra etter kvart har vorte meir involverte i Norway Cup-opphalda.

I 1981 gjekk ikkje gutelaget vidare til sluttspelet. Seinare har laga til Strandabø spelt seg til to finalar og fem semifinalar.

Stemning og spenning

Årets J19-lag har med mange av spelarane som kom seg til semifinalen i fjor. Men laget har måtte låne med seg tre spelarar frå Volda for å klare å stille fullt mannskap i årets turnering.

– Det har kanskje vore litt sløvt med trening no i sommar, eg meiner eg såg det i kampen mot Skjold no. Men det er fleire kampar igjen, heldigvis, seier Strandabø.

Kva er det som gjer at du år etter år brukar fritida di på Norway Cup?

– Hm, sei det. Det er nok mykje med stemninga her. Og ikkje minst spenninga. Å kunne gjere det godt mot andre lag saman med ungdomen, det er veldig kjekt.

Kva er ambisjonen for årets turnering?

– Det gjekk veldig bra i fjor med semifinalespel, så målet er sjølvsagt å gjere det minst like bra i år.

Og i kor mange år har du tenkt å vere med?

– Du, det veit eg ikkje. Eg må berre sjå det an frå år til år, seier Strandabø.

Hødd sitt J19-lag slo måndag Ranheim IL 5-1. Tysdag vart det 2-0-siger over Sandviken IL. Hødd er dermed klar klar for A-sluttspelet og møter Lier IL i åttandedelsfinalen torsdag klokka 18.45.

Første gong: Kalle Strandabø tok med Hødd sitt gutelag til Norway Cup i 1981. Bak frå venstre: Øyvind Solheim, Arne Flatin, Hallvar Ulfstein, Bjørn Gunnar Tafjord, Ole Inge Molvær, Stein Arve Dyb, Per Osnes, André Fredriksson og Kalle Strandabø. Framme frå venstre: Torkjell Ringstad, Normann Dimmen, Stein Vik, Arnt Ove Moldskred, Nils Rune Molvær, Hjalmar Magne Molvær, Erik Hatlø, Oddbjørn Solheim og Dag Garshol. Foto: Norway Cup
på sidelinja: Kalle Strandabø og Torbjørn Rekdal leiar Hødd sitt J19-lag saman med Geir Sundal. Laget kom til semifinalen under Norway Cup i fjor. Foto: Arne Flatin, Hødd Fotball
spenning: – Det er stemninga og spenninga som gjer at eg reiser hit gong etter gong, seier Kalle Strandabø. Foto: Linda Eikrem