– Det viktigaste var å vinne igjen, det må ikkje vi gløyme. Vi spelar ein solid førsteomgang, der vi har stålkontroll og scorar to mål. I dag møter vi eit lag som vil legge seg ekstremt lågt, det er vanskeleg å finne rom, men vi klarar det likevel. Det er eg veldig fornøgd med, seier Sindre Eid.

Han hadde ikkje like mykje positivt å seie om den andre omgangen.

– Dei kjem høgare på oss, vi blir stressa og litt engstelege. Den andre omgangen er ikkje bra, men samstundes skaper ikkje dei noko særleg på oss heller og vi har dei to største sjansane i andre også. Det var ein middels dag på jobben om ein ser på prestasjon, men ein god dag på jobben om ein ser på resultatet, fortel Hødd-trenaren.

Sist helg opna også Hødd brukbart, men då kom ikkje scoringane. Dermed blei det til slutt ein tung kamp mot Nardo. Slik blei det aldri mot Blink.

– Nei, og eg synest vi var endå meir til stades i kampen frå start i dag. I førsteomgangen gjennomførte vi kampplanen veldig bra. Desse kampane er litt vanskelege fordi ein forventar mykje av seg sjølv. Vi forventar at vi skal vinne desse kampane, og det blei forsterka då vi tapte sist. Presset vart større på oss før denne kampen, og ein skal hugse at det ligg noko oppe i hovudet også som skal taklast for å prestere. Eg synest vi handterte det bra i første, men at vi vart litt for engstelege i andre, seier Eid.

Trenaren legg ikkje skjul på at det er tøft å måtte prestere veke inn og veke ut for å henge med i kampen om opprykket.

– Du toler så lite og skal helst vinne heile tida. Då er det vanskelegare å tore å sleppe seg skikkeleg lause. Det er store forventningar til oss, men ikkje minst forventar vi mykje av oss sjølve, seier Eid.

Han summerer likevel opp med at dagen enda positivt.

– Det er ein middels dag på jobben, men vi får tre poeng, scorar to mål og held nullen. Vi kan ikkje bli så høge på oss sjølve av vi er misfornøgde når vi vinnar kampar, og det skal vi ikkje bli heller, avsluttar Eid.