Etter 2-3 tapet for Nardo sist helg var det eit revansjesugent Hødd-lag som søndag fekk besøk av Stjørdals-Blink.

Nederlaget  sist sørga for at Skeid igjen kunne trone øvst på tabellen, og utan siger over Blink ville det bli luke opp til Tom Nordlie sitt mannskap.

Hødd pressa på frå start, men fekk ikkje utteljing første ti minutta. Det skulle likevel berre vere eit tidsspørsmål før det losna og etter 12 minutt sette Markus Naglestad inn 1-0. Magnus Myklebust løfta ballen inn på bakarste, der keeper bomma, ballen trefte ein bortespelar og blei liggande heilt open framom toppscoraren, som enkelt kunne pirke inn kampens første scoring.

Dermed fekk Hødd det målet som mangla i opninga mot Nardo, og heimelaget hadde fått kampen akkurat dit dei ønskte.

Blink skapte lite i starten på kampen, men fekk ei moglegheit då Steffen Moltu gav vekk frispark på 25 meter. Frisparket var brukbart slått, men Alme hadde god kontroll og slo skotet til corner.

Etter 23 minutt rulla Hødd opp eit fint angrep på høgresida, før Marius Hagen fann Magnus Myklebust framom mål. Myklebust fekk snudd seg, men skotet gjekk på utsida av stolpen frå bra posisjon.

Hødd var også nære få minutt seinare då Eirik Franke Saunes slo inn frå venstre, men Blink fekk klarert like framom Myklebust.

Heimelaget kom seg til ei rekke innleggsforsøk frå sidene, men Blink var flinke til å få rydda unna. Samstundes er  Hødd farlege på corner, og då dei blåkvite fekk sjansen etter 31 minutt var Eirik Haugan svært nære å heade inn 2-0. Stopparen gjekk fint opp og fekk eit godt treff, men avslutninga gjekk til side for mål. Ein ny stor sjanse for Hødd.

Hødd pressa på mot Blink-målet og etter 37 minutt kom utteljinga. Markus Naglestad prøvde seg med eit skot frå høgre, men avslutninga blei blokkert. Returen gjekk likevel ikkje lenger enn til Magnus Myklebust som sikkert plasserte ballen i nettet til 2-0.

Myklebust var også nære nokre minutt seinare, etter at Naglestad hadde dribla seg forbi eit par forsvararar og fekk lagt inn på første stolpe, men headinga frå Myklebust gjekk over mål.

Heimelaget hadde moglegheiter til å score meir enn dei to scoringane det blei i den første omgangen, men kunne uansett gå til pause med ei svært fortent leiing.

Jamnare etter pause

Etter pause opna oppgjeret seg meir opp, med to lag som begge var villige til å gå i angrep. Verken Hødd eller Blink skapte det heilt store dei første ti minutta av omgangen, men bortelaget prøvde i større grad enn før pause å etablere seg på Hødd sin halvdel og pressa også Hødd høgare enn før pause.

Hødd klarte likevel å spele seg gjennom presset, og like før ein passerte 60 minutt var Markus Naglestad på veg i full fart mot Blink-målet. Angriparen prøvde seg med skot frå 17-18 meter, men keeper hadde god kontroll.

Hødd gav fleire gongar frå seg ballen unødvendig på eigen halvdel, og Blink fekk sjansen til å ta overgangar mot eit Hødd-forsvar i ubalanse, men heldigvis for heimelaget var ikkje Blink spesielt flinke til å ta vare på desse sjansane.

Med kvarteret igjen stod det framleis 2-0 til Hødd, men Blink hadde på ingen måte gitt opp å få med seg poeng. Laget sende fram folk når dei fekk sjansen, og pressa Hødd til å gjere fleire og fleire feil, men utan at dei klarte å skape sjansane som kunne ta dei tilbake i kampen.

Inn i dei siste fem minutta såg det ut til å gå opp for bortelaget at det ville bli tap og minuttet før full tid var Daniel Eid nære ved å fullstendig punktere kampen, men avslutninga frå skrått hald blei blokkert til ein corner.

Like før full tid burde det stå 3-0, etter at Joachim Osvold fekk sjansen åleine med keeper. I staden for scoring blei det berre stolpetreff for angriparen.

Hødd leverte ein god førsteomgang på Høddvoll søndag, men klarte aldri å kome opp på same nivået etter pause. Det var likevel fullt fortent at heimelaget fekk med seg dei ter poenga då dommaren bles av kampen, og Hødd er tilbake i ryggen på Skeid i toppen av avdelinga.

Kampfakta

2.-divisjon avdeling 2

Hødd – Stjørdals-Blink 2-0 (2-0)

Høddvoll

Dommar: Sebastian Mikalsen, Spydeberg IL

Gule kort: Glenn Walker

Mål: 1-0 Markus Naglestad (12), 2-0 Magnus Myklebust (37)

Hødd: Ole Monrad Alme – Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu – Daniel Eid, Bendik Rise (Andreas Breimyr 72), Joakim Wrele, Marius Hagen, Eirik Franke Saunes – Magnus Myklebust (Joachim Osvold 76), Markus Naglestad (Robin Hjelmeseth 80)